onsdag 1. oktober 2014

Jubileum! Og hjelp mot kalde føter!

Innlegg nr. 400 er i ferd med å innta bloggen! Det er ein milepæl. Kanskje ikkje så mykje i forhold til mange andre bloggara, men for meg er det ein "viktig hendelse"! Då eg starta hadde ikkje sett føre meg at eg holdt ut så lenge, og ikkje kor mange som faktisk er innom og les skribleria mine heller. Men ca 2000 treff i måneden - eg syns det er imponerandes. Det må nok feirast! Me tente stearinlys, strikketøy og litt pepsi max! Ei lita kosestund!

Eg er forresten ferdig med endå eit prosjekt - "fårelestane" frå Den Blå Tråd på Sortland. Kjøpt via epla.no fo nokre år sidan. På tide at dei blei strikka nå. Haustferien nærmar seg, og då passar det godt med nye, varme sokkar til hytteturen! Syns nok garnet er litt tjukt, men sokkane passar godt som tøfler trur eg.  Garnet er Fjell sokkegarn frå Ull.no. Kanskje eg strikkar fleire par i tynnare garn. Det dukkar kanskje opp nokre nøster som passar til det og - på Kammerset.

Sauer er alrighte dyr!

Herleg med føtene på bordet,
Stearinlys (oppbrenning av restar)
og "kald kaffi".


1 kommentar:

  1. Gratulerer med innleggsjubileum! Sausokkene ser deilige ut :)

    SvarSlett