torsdag 24. april 2014

"Nuten"

Teppet "Nuten" er ferdig.
Herlig! Alltid godt å avslutte eit stort prosjekt. Dette var det 7.dominoteppet mitt. Hekta? Tja, kanskje. Eg har visst ennå eit på pinnane... Kvifor er dette så spennandes?
1.  Det er veldig inspirerandes å bruke så  mange fine fargar.
2.  Kjekt å finne fine fargekombinasjoner.
3. Det går og fort å strikke ein ny lapp, mest maskar i starten, så minkar det etterkvart.
4. Det viser fort igjen med nye lappar.

5. Kan vere ein fin måte å bruke opp restegarn på.
6. Ein blir litt hekta: Bare ei rute til...
Ulempe: 
Mange trådar å feste.....

"Nuten" starta eg på i nov 2012. Det har me andre ord vore eit langtidsprosjekt. Men eg har jo ikkje akkurat strikka kontinuerig på det. Me hadde ein  flott fjelltur til Tørvikanuten i Hardanger sommaren 2012 Fjellet fasinerte meg. Utruleg fargespel i grått, kvitt og brunt, med ispett av grønnt og rust. Fantastisk flott. Eg bare måtte strikke det! Så litt restegarn, og ein del nye nøster - og vips så var eg i gang.
I påsken strikka eg ganske inntenst på det. Eg hadde begynt på kanten rundt, og jammen vart eg ferdig med dei 84 små rutene i to fargar.  Heldigvis hadde eg festa dei fleste trådane etterkvart. Nå skal eg bare "lune" teppet litt i vaskemaskinen, så skal det få fast plass på hytta. Passar fint i skogen.







Har du ikkje prøvt deg på domino ennå, finn fram pinnar og garn. Det er verd å prøva. Det kan fort bli ein vane.Oppskrifta finn du her!


4 kommentarer:

  1. Så flott teppe du har strikket!
    Dominostrikk har jeg ikke prøvd meg på, artig effekt i mønsteret.
    Fine tur-bilder, titter gjerne innom her igjen! :-)

    SvarSlett
  2. Kjempefint teppe til stor inspirasjon. Eg er nå i gang med mitt første dominoteppe, som eg tenkte skulle vere eit restegarnprosjekt, men eg har kjøpt inn nye fargar. Veldig moro å strikke, og eg forstår godt at ein blir hekta.

    SvarSlett
  3. Så kjekt at du blei inspirert og strikker ditt eige teppe.

    SvarSlett