søndag 22. mai 2016

Nye sokkar.

Nå er Styrbord-barbord-sokkane ferdige. Begge para. Eg har både reparet og strikka nye. Det må vel vere ekstra service.  Eg er ikkje så glad i å ta fatt på gamle prosjekt, eg har nok ein tendens til å utsette det lengs muleg. Men når det er det som er med i strikkkeposen på hytta, er det litt lettare å bare gjere det. Det tok meg ca 1/2 time...... Men nå er både Gubben og eg fornøyd, og han har to båtsokkar til seileturane sine.
Eit stort hol.
Kanskje han har hengt seg opp i ein spikar?

Eg klypte vekk heile hælen
og plukka opp maskane

Så strikka eg bare ny hæl,
og maska det saman igjen.
Fort gjort - skal hugse det til neste gong!


Dei nye sokkane.
Denne gongen er stripenen blå.

Eg fann ei snelle med sterk, tynn nylontråd på Kammerset.
Eg strikka det inn i hæen!
Denne gong får han ikkje slite hol!



Glad Gubbe!

Passte heilt perfekt!

Dette var innlegg nummer 500.
 Ein lite milepæl. :-) 
 

søndag 1. mai 2016

Kom mai du skjønne milde.

Ja, i år ventar me ennå på det milde veret. Stadig blir me overraska av sluddbyger, og det er me rett og slett ikkje vant med her, så seint på året. Men kanskje mai kan bli den gode, milde måneden der me kan sitte ute og nyte solstrålene, eller springe ein tur langs havet eller opp på ein topp i nærleiken? Forventningane er iallefall til stades.

Imens må me ta til takke med strikketøyet, og nå når me rundar mai er det komt mykje nytt oppi strikkekorga. Eg har vore sjuk nokre dagar, og vore skikkelig sofaslitar. Då er det iallefall godt eg likar å strikke. Hadde vore lange dagar uten det..... Men nå er halsen mykje betre, i morgon ventar spente 6- og 7-åringar som skal ha stor Bokstavfest for alle foreldrene. Me gler oss til det. Me har øvd i fleire veker nå!

Over til strikkekorga:
Nye prosjekt er påbegynte, og denne gongen har eg lånt øyra til resten av familien. Er det nokon andre enn meg som treng noko strikt?  Og det var det jammen. Eg fekk ei lang liste. Tordis treng ny ullbukse og jakke til barnehagestarten til hausten, + litt luer, skjerf og hals, sokkar...... Alltid noko ei lita tulle som veks trenger! Då er ikkje mormor sein å be.

Men. 
Det var bare det sjølvpålagte kjøpestoppet.
Eg greide ikkje finne godt og mjukt garn som passa til dette inne på Kammerset.
Så då vart det melding til niese Bjørg i Oslo : 
Kan me halde Tordis utanfor?

Og etter positivt svar frå storbyen, var eg raskt på strikkebutikken til Sandnes Garn og fann nydelig merinoull. Nå skal Tordis bli god og varm.

Lua er snart ferdig, treng bare ein rosettpynt.
Skjerf er strikka, og buksa er godt i gang.




Men Gubben meldte seg og på strikkelista. I fjor strikka eg styrbord/barbord-sokkar til han. Dei vart veldig populære. Eg trur han hadde dei på alltid! Men plutseleg hang han seg nok opp i noko, og eit stort hol var eit faktum. "Ja , eg skal fikse det!" har eg svart mange gonger. Men eg inrømmer det lett: det er kjekkare å strikke nytt enn å reparere. Så nå endeleg er eg i gang med nytt par. Denne gong er stripene blåe og kvite, restar frå jakken han fekk i fjor. Han må jo ha nye sokkar til Sørlandsseilasen som me skal ut på i sommar. Kanskje eg gidd å strikke ein ny hæl på dei gamle og, så kan han ha dei til "grovbruk".




 Og så har eg begynt på ein ny villmarksgenser til han. Eg har kjøpt skikkeleg eksklusivt garn til han, håndspunne av Ingeborg på ullrommet som held til her i distriktet. Skikkelig flott garn frå grå trøndersau. Flotte brune og gråe sjateringar. Det blir nydelig - og godt og varmt.


Og aller sist : endå eit sokkepar. Pinneguri som eg følger på Instagram har ein pågåandes #restefest2016 dette året. Eg hiv meg på innimellom, og dette var oppskrifta for april. Jøglersokkar. Men som du ser - eg vart ikkje ferdig denne måneden. Men plutselig er dei nok ferdige. Flott mønster iallefall.


Restefesten 2016 og kjøpestoppen fungere ennå, om me bare ser vekk frå litt mormorstrikk innimellom. Målet må jo vere at eg greier å redusere meir enn det som kjem inn, og eg er godt i gang. Foreløpig har eg strikka opp neste 5 kg garn som utgjer 9 km tråd.  Godt fornøgd med det. Eg har ennå mykje fint garn som ligg og modnar seg på Kasmmerset!

lørdag 30. april 2016

Strikk i april.

Ein ny måned er jammen over, og då kan det vere greit med ein oppsummering. Eg hadde ei stund ganske mykje på gang i strikkekorga. Nå minkar det, det er fleire ting som er ferdige. Strikkeprosessen undervegs er kjekk, men det er endå kjekkare å bli ferdig og få ta i bruk plagget som har vore på pinnane.

Islenderen er eit slikt prosjekt. Eg fann ein fin pose med lyst Smartgarn på Kammerset, og nokre nøster med blått som eg hadde kjøpt inn i fjor, og vips! Så vart det til ein fin islender. Til meg! Eller kanskje nokon andre snappar den med seg etterkvart. Ikkje godt å seie. Eg hadde iallefall tenkt å ha den med på seiltokta i sommar med gamle Malena, må jo vere kledd for anledningen då. Nå er genseren ferdig, alle trådane festa (og dei var det mange av, det var bare smånøster igjen i posen på slutten) og fotograferinga unnagjort.

To par vottar er og strikt - Snøkvit denne gongen og. Eg likte godt dei, både å strikke og sjå på. Nå har eg mange par i Gåvekorga mi!

Posering i kjøkkenhagen.
Rabarbraen er snart klar.


Eg har kjøpt meg ein blåbærbusk!
Har store forhåpningar om ein god avling der.
Forrige genser - i aranstrikk.
Godt fornøyd med den og.
Bruker den som utegenser - uten jakke oppå.

Kvitløken som Gubben planta i haust har vekse mykje.
Skal innrømma at det er Gubben som er den største hageentusiasten.
Eg likar nok best når han får yte, og eg kan nyte:-)






Fine vottar.
frå Eventyrvottar.






mandag 4. april 2016

Langt mot nord!

Me har vore på tur i helga. Langt mot nord! Veslejenta studerer i Tromsø, og då måtte me ha oss ein tur dit. Det var ei aldesles strålandes helg, på mange måtar. Fantastisk nydeleg ver, strålandes sol frå skyfri himmel - mens me visste at det pøsregna heime.... Me fekk mange fine opplevingar der nord, blant anna bli litt kjent i byen, vandre over ei ganske traffikert Tromsøbru med mykje eksos, ta bilder av Ishavskatedralen, cafèbesøk, Polarmuseums-besøk, biltur over til Kvaløya med mykje flott natur, koselig cafebesøk i havgapet, gode timar i lag med ungdommane, nydelig middag, ein fantastisk skitur, frukostbesøk på hotellet og flott flytur heim! Dette gav meirsmak, me kjem nok igjen ein annan gong - og kanskje på ei anna årstid?

På veg nordover.
Ein flott by - på ein flott dag.

Ishavskatedrale i morgonsola.

Typiske Tromsø-motiv.
Brua og kyrkja.

Gubben og Veslejenta.
Kjekt å ha med mor og far på handel.
Blir litt i posane då.

Veslejenta hadde ordna lørdagsgodt til faren!
9 kg kvikk-lunsj og 1 kg Kong Håkon!
Ikkje rart han smilte!
Ut på tur!
Oppover fjellsidene her skal me gå.
Ein liten pust i bakken!
Me måtte lette litt på antrekket etterkvart.
Me hadde feller under skia når me gjekk opp.
Det var utruleg deilig og energibesparandes.
Ein ny opplevelse.

Me nærmar oss målet.
Toppen av Kjølen,
kor ein av radarane til flyplassen stod.
790 m.o.h


På toppen.
Mora med hjelm - for nerturen.
Toppane i bakgrunnen er på ei anna øy.
Ein fjordarm kjem innimellom.
Ungdommane er vante med brattare og meir spektakulære turar.
Men me gamle syns dette var flott.
På toppen bytta me ski.
Då fekk me prøve randoneski nedover!
Ein kjekk opplevelse.

Litt kaldt og blåsandes på toppen.
Då er det godt med ein ekstra jakke i sekken.
Og litt mat og drikke.
Flotte nedoverbakkar.
Ungdommane rant telemark.
Tilbake ved bilen.
Tid for ein appelsinpause og litt sol.
   

Takk for ein flott helg i Tromsø!


Mars-strikking.

Det er visst lenge mellom kvart blogginnlegg for tida. Dagane går, med mykje bra innhald, og med gode strikkepausar innimellom. Det skjer stadig noko i strikkekorga. Men eg har ikkje vore like pålogga her på bloggen for å vise det fram.

 Flettegenseren er ferdig og tatt i bruk! Og eg er godt fornøyd med resultatet. Den vart kanskje litt tjukkare enn eg tenkte meg, men eg trur den blir kjekk til å ha som utegenser utan jakke på. Kjekt nå om våren.

Marius-puta er ferdig strikka, men ikkje montert. Plutselig ein dag sitt eg nok med symaskinen for å sy dei nødvendige saumane til oppklypp. Eg har ikkje tatt i bruk den nye metoden der ein klypper utan å sy..... Men eg fekk akkurat  nok garn, i allefall av det kvite. Litt restar i brunt.


Klar til å sy og klyppa.
Dominotepper har vore framme igjen - eg har faktisk strikka mange lappar på det. Så - det nærmar seg ferdig.



Ellers har eg starta med vottar. Kjekt med nokre småprosjekter og. Eg syns Wenche Roald i Vottelauget lagar utruleg flotte og nøyaktige mønster, så eg likar godt å strikke etter dei. Eg har strikka 2 par av Blåbærskogen - og to par av Snøhvit. I tillegg har eg strikka vottane Fuglesang. Dei og er det ho som har designa.  Kjekt å ha eit lite lager som kan brukast til gåver.


 



Nesten ferdige.
Manglar bare ein blondekant nederst.


søndag 6. mars 2016

Det nærmar seg.

Eg er ferdig med bolen! I det siste har eg vore ganske trufast med flettegenseren min - eg har nesten ikkje rørt andre strikketøy! Nå er både bak - og framstykket på plass og halskanten påbegynt. Armane er på god veg! Tar begge på ein gong, så slepp eg den kjedelige nr.2.  Blir nok snart ferdig med dei og. Målet er å bli ferdig til påske! Kjekt når det går unna :-)

Det gjekk raskare denne gongen!

Halskanten er små fletter,
lik den som er på dei andre linningane.

Armane
 I tillegg har eg vore på pilkurs denne veka. Ei av foreningsvenninnene mine, Marit, driv Voll juletregard med pilefletting. Ho arrangerer også kurs. Denne gong var det "misjonsdamene" som fekk komma og fletta pilhjarte. Kjempekjekt! Dette skal få plass ute på veggen - enten på terrassen eller på hytta.
Måtte bare prøve det inne først.

I tillegg kjøpte eg meg ei korg som Marit har fletta!
Ny handveske.
Nydeleg arbeid

I morgon skal denne posen bli med på jobb.
Det er jo snart påske.
Det kan bli kjekt å lage duske-påskekyllingar då.
Kjøpt på posesalg på Sandnes Garn