I år hadde me meldt oss på Stasjonstrikk, med 5 ulike teknikkar, sokkehæler, Bringebær og svalestup - to teknikkar frå Picklesdamene i Oslo, og til slutt dobbelstrikk. Lørdagskvelden var med på Strikkefest på eit av utesatdene i byen. Innimellom fekk me og tid til eit besøk på strikkecaféen innom og alle dei flotte standane i salgsområdet. Jammen greide me å halde oss i skinnet" og ikkje kjøpe inn store mengder. To nøster sokkegarn og flotte porselensknappar frå Danmark fekk vere med heim. Fornøyd med det. Kammerset , eller kanskje det heller kunne heite Ullrommet, har visst fulle korger ennå.
I tillegg fekk me med oss eit cafébesøk i eit tyrkisk tea og kaffihus i "Fargegata" i Stavanger. Det var ein opplevelse. Her fann me gode stolar, godt lys, nydelig tea og ein artig cafévert. Her koste me oss med strikketøyet heil til Strikkefesten starta. Herlig og avslappandes.
| På Stasjonsstrikk fekk me prøve ulike teknikkar. Her er det Daisy strikk nederst. |
| Boblestrikk - denne hadde eg prøvd før. |
| Kryssmasker. I tillegg prøvde med patenstrikk med to fargar, men min prøvelapp vart så stygg, kan ikkje vise den fram. Kvalmandes fargar! Må prøve med to andre fargar. |
![]() |
| Det finns jammen mange sortar hælar. Artig å prøve nokre nye. |
| Her er det strikka med forkorta pinnar. Blei ganske fint. |
| Denne kaltes tomato heel. Ein slags forkorta omgangar det og. |
| Bringebærstrikk |
| Svalestup Artige teknikkar. |
![]() |
| Farmora til Tordis |
![]() |
| "Oh, so sweet!" Sa caféverten då me trakk opp strikket. Og så strødde han roseblader over oss:-) |
![]() |
| Då me kom ut var det nesten magisk stemning i gata. |
| Me kom og over ein liten pop-up butikk som selde koselige vesker. Denne blei med meg heim. |
| Prøvelapp på dobbelstrikk. Dette kan bli ein fin gryteklut! Finn feilen. Måtte holde tunga beint i munnen, for å få trådane på rett side. |
Ei flott og spennandes helg er over.
Me gler oss til neste gang.
Satsar på nye spennandes teknikkar då.
Me gler oss til neste gang.
Satsar på nye spennandes teknikkar då.






