søndag 8. november 2015

Strikkehelg i Stavanger.

Ei kjekk helg er over. Det har vore strikkefestival i Stavanger. Eg har fått med meg 2 kjekke strikkekurs, strikkecafè og mange flotte utstillare med nydeleg garn, og flott strikkefest med knallgod mat om laurdagskvelden. I år hadde eg følge med Eldstejenta og svigemora hennar, og vesle Tordis fekk og vere med på kurs i dag. Tidlig opplæring! Kjekt å vere på kurs med både mor, mormor og farmor!

Laurdagen var det bare dei to bestemødrene som var på kurs. Då lærte me oss grunnleggandes hakking. Ein spennandes teknikk som eg ikkje har prøvt før. Det var kjekt, me såg begge to muligheiten til å lage ein del klutar, håndkle og filler av bommullsgarn, som me har mykje av på lager. Det kan bli ny giv på restegarnet.

Sundag var me på kurs i tvebandstrikking. Dette er ein veldig gammal teknikk som er litt utfordrandes å få til. Men med god hjelp av ein flink kursholdar kom me godt i gang, og fekk lært oss det grunnleggandes. Litt plundrete å holde pinnar og garn på nye måtar, men kjekt å lære noko nytt. Nå gjeld det bare å fortsette heime, slik at me ikkje gløymer den nye lærdommen.

Me satsar på ei ny strikkehelg neste år. Det var mange andre kurs me og kunne tenkt oss å fått med oss.

Prøvelappen er under arbeid.
Ferdig prøvelapp.
Fleire forskjellige teknikkar og maskar
blei prøvt ut.


Då eg kom heim, måtte eg finne fram passandes garn og begynne.
Kan bli fine og anderledes filler.

Tapas på strikkefest.
Med eigen tallerk til strikketøyet.

I tillegg lærte Farmora meg noko nytt:
Ein slags vevestrikk.
Veldig artig og kjekt.
Skal bli eit pannebånd.

Det ser nesten vevt eller fletta ut.
Men det handla bare om å flytte litt på maskar,
strikke 2.maske før 1.maske og sånn....

Tordis på sitt 1.strikkekurs.
Mykje å holde styr på:
Pinnar, trådar, baby.....




Så langt  kom eg på 5 timar!
Ser puslete og vanleg ut.
Men det er på ein måte dobbelt strikka,
og strikka med 2 trådar som skulle tvinnast i rett rekkefølge.
Blir nok ikkje heil genser i denne teknikken,
Men heller ein mansjett til vottar e.l.


1 kommentar:

  1. Eg hadde veldig lyst til å vore på strikkefestival, spesielt sia det var i "byen". Men det passa ikkje denne gang. Tvebandstrikk ser spennande ut og hakking passer godt til kluter, blir tette og gode.

    SvarSlett