1.påskedag - aleine på hytta, ungdommane har reist heim. Då fann me fram joggesko og turkler og kjørte til Fister. Me hadde Skjekkjeåsen som turmål i dag. Me har tatt denne runden fleire gonger før, men det gjer ingenting. Ein god del oppover, god utsikt, niste på toppen, bratt ner igjen - og 6,3 km totalt! Ein god avslutning på påskeferien. Då var tur nr.19 unnagjort. I morgon dreg me heim.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar