Eg har brukt ca 2 mnd på prosjektet, og garn type Smart og Per Gynt. Denne gong har eg vore litt ukritisk i fargevalg - dermed vart stolpen ennå meir fargerik. Eg trengte litt Gubbe-hjelp for å få "pølsa" heilt til topps, likar meg ikkje så godt øverst i stigen.
Eg er spent på korleis det går denne gongen med fargane i sola. Sist starta falme-prosessen ganske fort. Eg håpar på lenger levetid nå. Dersom denne blir like falma som den første, har eg bestemt meg for eit 3.forsøk. Men då skal eg bare bruke akryl-garn! Tenkte at sånn plastikk-greier kanskje held betre på fargen? Er det nokon som har erfaring med den type garn? Eg får begynne å samle - har ikkje vore ivrig brukar av garn som ikkje er av naturmaterialer.
5 meter strikk Ja til fine fargar! |
Klar, ferdig, sy! |
Stor konsentrasjon. |
Det var ein kald og blåsandes dag, sjølv om sola skein. Blei ganske kald av å stå lenge i ro. |
Måtte dra strikket så langt ner eg kunne, slik at eg slapp å ha armane så høgt opp i lufta. Må tenke på arbeidsstillingar og HMS. |
Klar til uttrekk. |
Lykken er: Å ha sin eigen heimestrikka lyktestolpe! |
Den gamle stolpen. Skikkelig falma. |
Godt med Gubbe-hjelp. |
Ferdig! Klar for 2 nye år. Minst. |
Jeg tenker på Linda og "Norsk attraksjon". Flott stolpe med strikka-trekk! Kanskje du kommer på TV?
SvarSlettLykke til med stolpen, og god søndagskveld!
Klem fra Ingunn
Haha! Takk for det. Tja kanskje det. Eg har vore i lokalavisa her på Jæren!
SlettHehe, fantastisk herlig! Må virkelig innrømme at dette hadde jeg sansen for :D
SvarSlett