torsdag 22. januar 2015

Snøen daler lett og fin......

Det er lite snø i Rogaland. Enkelte år har me hatt nokre store snøfall, men dei siste åra har vore triste. Eg likar godt snøen. Det er kjekt på jobb når det er snø, ungane får utfalde seg på ein annan måte. Og det er kjekt å kunne ta seg ein skitur rundt husene her og. Eit år hadde me ein flott skitur på stranda! Me har lest at Rogaland eigentleg ikkje har vinter, for gjennomsnitttemperaturen er for høg. Litt trist.... Her kjem eit lite minne frå ein flott snørik dag  - i 2011.


Ikkje lett å sjå at dette er 0 meter over havet.

Fasinerandes med havet like ved.

Eldstejenta var med på tur.

Men - då får me lage snøfall inne. Eller iallefall snøkrystallar i lange banar! Eg kjøpte med Sandnes Garn sitt julehefte, og her fann eg oppskrift på fine og enkle snøkrystallar. Eg greide å hekle utan oppskrift då den første var unnagjort! Eg likar når eg huskar korleis me skal gjere det etter kort tid.
Først hekla eg tre små og tre store  (i litt tjukkare garn). Men her ein dag vart eg sittandes så lenge på sjukehuset med mi sjuke mor at då vart det produsert mange fleire. Eg måtte faktisk innom ein garnbutikk på veg til sjukehuset - for eg hadde gløymt strikketøyet. ( Ops! Eg kjøpte eit nøste! Men det var livsnødvendig!)

 Ein nyttig lærdom: 
Gå aldri ein plass utan spøtet. 
Det kan vere at dagen skal brukast til venting! 

Utruleg så lang tid alt må ta ein slik plass. Men med eit nøste i fanget, fann eg roen! Ikkje lett å seie korleis det hadde gått hvis ikkje.... Eg kan bli ganske rastlaus.

Eg brukte garnet Tove frå Sandnes garn, kokte opp melis og vatn som eg dyppa dei oppi etterpå, spente dei opp med nåler på ei gummimatte, og vips - så var dei klare for oppheng i stova. Dei store skal få vere med på skulen og pynte opp i klasserommet. Kjekt og raskt prosjekt.

Ventetid = produksjonstid

Denne er hekla i fritidsgarn.
Samme mønster, blir bare større.

Kan jo brukast til pynt på eit vinterbord og!

Klare for oppstramming og forming.





Klare til oppheng.





Det snør, det snør, tiddelibom...

3 kommentarer:

  1. Imponerende snøkrystall-produksjon! Her daler de ned fra oven! Ja, det er herlig å sende ungene ut i friminuttet når det er godt med snø. Jeg har vel mine beste skole-minner med elever på ski.....

    God torsdagskveld fra Ingunn

    SvarSlett