torsdag 16. oktober 2014

Haustferien 2014.

Haustferien er unnagjort - og som vanleg er det godt med ein pause frå kvardags-travelheita.  Denne gongen og var me klare for hytteferie. Syster Jorunn frå Ulsteinvik og svoger, kom på besøk, og me hadde flotte dagar i lag - i regn og vind. Men ut på tur kvar dag, og med gode måltid, lange  strikkepausar, godt drøs og lått & løye - så vart det ein utruleg god ferie.

Gubben kan dessverre ikkje skilte med like mykje ferie som eg har, så han måtte vere heime og jobbe litt lenger. Men han kom innover så fort han kunne. Med råtten makrell og båthengaren på slep. Han var klar for hummerfangst. Og i år vart det rekord-fangst: 6 stk + mange krabbar. Ein måtte uti igjen - det var ein rognhummar. I fjor fekk me ingen. Så me kunne kose oss med sjømat fleire dagar.

Me hadde og sjeldant besøk denne gongen: ein nøtteskrikar var stadig å sjå utfor hytta. Ein flott og sjeldan fugl! Det er kjekt å studere dyre- og fugleliv her inne. Tilslutt måtte båten  på land, og klargjerast for vinterlagring.

"Raud som ein kokt hummar!"

Foring av nøtteskrikar.
Fekk brukt den nye fugleboka
for å finne namnet på den.

Me fann og ein del kantarell.

Pompel og Pilt!

Kveldslys.

Morgonstemning.

Fine haustfargar


Fin fangst.

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder du viser oss! Hytteferie er kjekt, og så all den gode sjømaten, da. Blir rent misunnelig her i innlandet. I dag har det vært bare 2 plussgrader her, litt snø øverst i liene og fyring dagen lang. Vinteren er nok like om hjørnet.....

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Høyres gerlig ut med kaldt og godt fyrever og! Perfekt strikkever:-)

      Slett