torsdag 16. oktober 2014

"Blåmandag."

Etter nokre veker med kjekk stipete restefest - er "festen" brått over.

Eg har kost meg dei siste vekene der stripejakken , Nr.6,  har tatt form. Det viser så godt framgangen, når ein stadig bytter farge. Stripe på stripe,  og bare ei stripe til .... Eg har målt mange gonger undervegs, syns kanskje heile prosjektet såg litt smalt ut, men funne ut at "jo, det passar nok heilt perfekt!" Rett før avslutning prøvte eg jakka på igjen - og fann ut at dette "pølseskinnet" kjem eg nok ikkje til å bruke. Det vart for smalt. Treng jo ikkje vise fram alle bulkane mine!  Irriterandes å ikkje sjå det før nå! Men det er ikkje alltid like lett å sjå korleis det kjem til å passe.
Så langt!


Hm!
Kva gjer eg nå?
Skal eg bare gøyme heile stripekorga innerst på Kammerset og prøve å gløyme heile prosjektet?
Eg gjorde faktisk det - i 1 dag. 
Men eg likar ikkje å gje opp. Korga er stadig full av alpakka-garn.
Eg startar på nytt!
Så nå er eg i gang igjen - blir nok ferdig ein dag, kanskje ikkje like fort som nr. 6 A.


Nr. 6 B


Eg har ikkje rekt jakken opp igjen ennå, men skal gjere det. Trur eg. Eller strikke siste rest - og finne ein tynn mottakar som er glad i striper.

Imens - god stripehaust!

2 kommentarer:

  1. Du burde kanskje prøvd å strikke ovenfra og ned, for da kan du prøve bedre underveis og bare øke noen raglan-økninger til om det er for lite. Eg har en bok som du kan få låne i så fall.

    SvarSlett
  2. Ja kanskje d var lurt! Eg har jo prøvt det nokre gonger, med god erfaring. Tar du boka med på søndag ?

    SvarSlett