tirsdag 15. april 2014

Påskeferie og påskestrikk.

Det er ferie. Herlig! Eg er allereie godt i gang med å nyte fridagane. Veslejenta er heime på ferie, og dei to andre er ikkje så langt vekke dei heller. I år blir det nokre dagar heime først, og så dreg me avgårde til hyttepåske og Randøy etterkvart. Me gler oss, til turar til skogs og til fjells, god mat, strikkepausar i solveggen, påskeharane, endå meir sol, gule egg, matlaging i grua, båttur, gode samtalar, litt påskegodt, lesestund........ det skal bli godt med ein pause frå kvardagen. Og nå når "Gamle Svarten" er borte og, har me blitt kvitt ein frustrasjon og bekymring. Me har brukt ganske mykje energi på akkurat det prosjektet!  Me er ikkje vant med slike tålmodighetstestar. Likar å få ting unna i ein fei! Fort gjort - kan ofte vere eit godt motto! Og så kan me slappe av og nyte dagane etterpå.
Litt gult i stova.

Men påskestrikk - kva skal eg pakke med meg denne gongen? Noko av det viktigaste som blir planlagt for ein god ferie, er nemleg strikkekorga. Kva skal få bli med denne gongen? Eg må vere sikker på  å ha nok prosjekter med meg. Som regel blir korga alt for full. Men det gjer ikkje noko. Då har eg noko å gjere når eg kjem heim igjen og. I år har eg planar om å avslutta natur-teppet mitt "Nuten". Eg er snart halvvegs på kanten rundt. Så må eg ha med meg bilstrikket: Arne & Carlos-teppet. I tillegg blir det nok nokre små prosjekter, ein arm eller to til nye jumprar.

Det er litt langt rundt...

Eg bruker eit Kauni-nøste, i brun-gråe fargar, saman med rustrødt.

Siste tilskudd på strikketøy:
Fant dette nederst i ei korg på Kammerset.
Blir ikkje den jakken eg hadde tenkt, det er allereie opprekt ein gong.
Nytt mot - nå blir det patentstrikk med glitter!

Ein arm - til restejumper-prosjektet.
Den øverste delen var eg ikkje heilt fornøyd med.
Der med  blei teppet litt kortare.

Stripe på stripe.

God påske til alle - nyt dagane, det er dei som er livet!

1 kommentar:

  1. Du blir ikke arbeidsløs ser jeg, men bedre for mye enn for lite! Imponerende med to teppe-prosjekter!

    Fortsatt god påske! Vi håper på skitur i morgen etter gode værmeldinger.

    Klem

    SvarSlett