tirsdag 9. juli 2013

Ro, ro, ro din båt!

I dag var det tid til ein liten kveldstur. Kva er vel betre enn å lasta opp bilen med den gamle trebåten og finne eit egna farvatn til å utforske? Dei nye årene me var i Hardanger og henta i helga, måtte jo prøvast ut. Så me la i veg til Lutsi, fann ein fin plass å legge uti, fekk båten på vatnet og sette igang med synkroniserte åretak. Ikkje like lett - men etterkvart fann me rytmen sånn nokonlunde. Me rodde inn til holmen der båten hadde hatt sitt tidligare liv, og fann den forrige eigaren der. Ho skvetta vatn oppi og sa nokre velvalgte ord, og dermed var båten døypt. "Malena" er namnet - oppkalla etter gudmor Kjersti Malena. Ho fekk vere med ombord, og syns det var skjedd eit under med båten! Og det er jammen sant. Gubben har brukt mange arbeidstimar, og mykje tålmodighet har gått med, men eg trur det er verdt strevet. Nydeleg kveldsmat og koseleg prat på hytteterrassen etterpå, før me tok runden rundt øya og heim igjen! Ein koseleg kveld. Litt meir øving trengs nok for å  samkjøre åretaka, men det kjem etterkvart!
4 nye årer - spesialbestilte frå Hardanger

Me møtte andemor med sine søte små.

Ut på tur!

Ta i !

Skipsdåp.


Nyinnflytta geiter på Holmen.

Nytt og gammalt i lag.

Kjekkt å ro - me må øva litt meir ein annan dag.


To "gamle" damer av fin årgang!

1 kommentar:

  1. Nei, så srtig! Kjekt at velbrukte ting blir tatt vare på, og for et samarbeidsprosjekt den roinga er! Flotte bilder, det ser så idyllisk ut.

    Fortsatt god sommer!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett