søndag 2. juni 2013

Båt og strikk - to viktige ingrediensar i kvardagen!

Me har kvar vår hobby, Gubben og eg. Eg er jo som de allerede veit, veldig glad i nøster og strikk i flotte glade fargar. Gubben arva for akkurat eit år sidan eit gammalt båtvrak. Ikkje viste me kva som låg framforbi då, av arbeidstimar og innsats. Det var rett før båten vart eit bidrag til St.Hans-bålet. Men eg tok med meg ein båtglad  kollega heim ein dag, og han har vore til stor inspirasjon! Nå nærmar det seg slutten på prosjektet, over 120 arbeidstimar har han lagt ner i løpet av vinteren, båten er snart klar for "skipsdåp", sjøsettinga er under planlegging og namnet er klart! I dag var me på aktivitetsdag på Engøyholmen og såg på andre gamle og flotte båtar. Koseleg å sjå,  og me fekk ete nydeleg fiskesuppe og lappar. Og jammen kom Tore Båtmann roandes forbi! Veldig koseleg!


Her er Gubbe-båten.
Snart klar til oljing!


Ut på tur -
Hundvåg I hadde  gratisturar idag.

Litt blåsandes - godt med fleecen som låg i sekken!

Flotte strandnellikkar.

Flotte båtar - gode framkomstmiddel ennå.

Prøvesitting

"Sjøulken" Tore! Ekta sjømann!

Eg gler meg faktisk til me skal ut på tur!
På ein litt mindre blåsandes dag!

Tang og tare.
Før dagen var omme, hadde eg i tillegg fått avslutta to strikketøy! Det kjennes godt. Den eine er ein sommarjakke i dobbelt garn - Line frå Sandnes garn - som er ein blanding av bomull, lin og viskose. Håpar den held seg fint i bruk! Strikka frå halsen og ner, så det gjekk eigentleg ganske fort. Det andre er bilstrikket mitt - ein hals à la Matilde. Her vart der jammen nokre feil. Men denne gong har eg ikkje rekt det opp igjen.  Det pleier eg alltid å gjere når eg finn feil. Men  var eg nesten ferdig når eg oppdaga feilen. Fargane kryssa seg visst litt i tunnellane:-) Jaja, alt kan ikkje vere "perfekt". Men nå er pinnane ledige til nye prosjekt! Jippi. Eg skal gå inn på Kammerset og la meg bli inspirert!


Feilstrikkinga viser ikkje når eg krøller den rundt halsen!

Jakken - med 3/4 lang arm!

Og med fine gråe knappar - kjøpt av "Veslejenta" på Lisi Design.

Ser du feilen ?
Det måtte bli feil to gonger sidan eg forandra rekkefølgen undervegs!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar