søndag 31. mars 2013

Påsken 2013

Ein fantastisk påske er snart over - me har hatt ein utruleg strålandes ferie! Solskinn frå knallblå himmel kvar einaste dag - det gjer jammen godt! Me har samla nye krefter  - nå kan me gyve laus på nye oppgåver utover våren! I år har me vore på hytta i 10 dagar - det er lenge sidan me har unnt oss ein så lang luksus-påske. Og så det veret.....  Rett og slett STRÅLANDES!! Lange dagar ute i sola, skiturar med appelsin og kvikklunsj i ei snøfonn, hyttebesøk på Gullingen, rusleturar langs sjøen, handletur til Hjelmeland, ein utruleg stillhet omkring oss, sovepose-soling på terrassen, beising av innvendige hytteveggar, god mat, besøk av gode turvenner, ny skitur, ny rusletur langs sjøen, endå meir god mat........ og ikkje minst gode strikkepausar. Sekken var full denne gong og av mange nøster, og jammen greide eg å av slutta to prosjekt! Det ein vart påbegynt i fjor sommar.Godt å kunne fullføra noko.

Skiturist

To gode venner på tur!
Legg merke til pannebåndet - det forsvant dessverre på fjellet....


Hytta har med åra blitt veldig mørk.
Nå sette me i gang med litt beis
earbeid.
Me starta på hemsen - og fekk beisa både vegger og tak der.
Forskellen vart stor!

Lys og fin tv-krok
På tur til Hjelmen (207 m.o.h)
To "elegante" damer!


Kosestund i sola på terrassen -
med påskekrim

Hals nr 2 er ferdig.
Eg har endå meir alpakka-restar.....
Sommartoppen frå i fjor - det går mot lysare tder.

Påske - me er klare for besøk av gjester.


Kaffi og strikk i solkråa - og teppe over beina.
Godt med ferie
.

Ut på tur - dei lilla damene og gubbane.
God niste!


Det veks - strikketøyet med ei lysandes framtid.
Nå manglar eg bare eit par meter....

Gjennsynsglede:
Vennene frå i fjor.


Blindpassasjer på skitur:
Minstemann lurte seg med i sekken!

På hyttebesøk - då må me ha blomar med!
1.påskedag fekk me med oss gudsteneste i Hjelmeland kyrkje.

Der var det ei nydeleg altertavle.
Fantastiske fargar
.

5 kommentarer:

  1. En glad-blogg - nyt siste rest av påsken, Tone :-)

    SvarSlett
  2. Kjekt dere koser dere masse. Ha en fortsatt god påske♡♡♡

    SvarSlett
  3. Hei!
    Fant bloggen din tilfeldigvis og ser at du og jeg har mye felles. Artig å lese om strikkeprosjekter og turliv. Jeg er AFP-er etter 40 år i skolen og har nå god tid til strikking og turer både sommer og vinter. Ser ut til at det blir hviledag i dag etter mange turer på ski i strålende påskevær. Gleder meg til å følge bloggen din framover.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Velkommen som ny lesar! Det er alltid koselig å bli oppdaga av nye! Ein liten titt innom din blogg viser at du og har mykje spennandes på gang! Toneklem

      Slett
  4. Ser ut som drømmepåske. Altertavlen var utrolig vakker. Høytid bare å se den på bildet. D

    SvarSlett