søndag 29. juli 2012

Siste nytt frå Ryfylke.

Ryfylke er ein flott plass: mykje natur, mykje sjø og skjærgård, stille og fredeleg,  lite folk, mange  kjekke ting å finne på - eg og gubben kosar oss på ferie. Fine dagar på hytta er ein god ferieform. Godt for sjel og sinn. Gubben har som vanleg mange jern i ilden på ein gong, akkurat som eg når det gjeld strikking. Det går i støyping, graving, fisking av krabbar og makrell, fisking av aurar med oter, oppryddning under hytta.......  Og innimellom greier han å sitte ner og nyte freden og roen - og lese ei god bok. Eg koser meg med mine prosjekt: strikking av det gule Glad-teppet (eg held på med kanten rundt nå! ), lesing av bøker, turliv og diverse andre huslege gjermål. I tillegg har me vore heldige og hatt besøk av gode venner! Ekstra kjekt når nokon finn oss her inne på "landet"! Me fekk oss ein flott fjelltur til Skomakarnibbå ilag med dei! I år har det og vore  kjekt å vaske kler - ein ny (kjøpt brukt) vaskemaskin er nemleg instalert på badet. Nå slepp me å dra heim skittentøyet! Herleg! Veret - ein del  sol, ein del regn, og innimellom litt vind. Vanleg norsk sommarver, med andre ord! Ein svalefamilie har og vore til underhaldning for oss, artig å følge med på dei små dundottane som plutseleg vart store og forlot reiret! Men  snart vendar me nasane heimover igjen. Ferien nærmar seg slutten.....



Høgt til fjells - med Randøy i bakgrunnen!
Eg vågte meg ikkje heilt utpå stuuuuupet, eg er så snoflen av meg.
Men flott her og!

Tøff kar - viser kejmpekrefter!
God plass til capsen i baklomma!
Gigantisk Hjelmelands-stol!
Me kom oss oppå!

Godt måltid ute!

Glad-teppet - alle lappamne er ferdige! Manglar litt på kanten ennå.



Trongt om plassen - dei blei jammen store etterkvart.
Her sitt dei og ventar på mat.
Utan ein lyd.
Men då foreldra kom, blei det spetakkel!

Godnatt - nå er det kvelden.
Då er det best å stappe hodet under vengene til mor.

På oterfiske - me fekk 11 fine aurar.
Eg fekk dra opp dei fleste!
Ein ny og artig opplevelse.
Det blei litt kaldt, så mange jakkar måtte på.

Gubben måtte ro!

Fin fangst! Gode middagar.

1 kommentar:

  1. Veldig kjekt å vera på ferie her nokre dagar!!
    Tormod

    SvarSlett