onsdag 4. juli 2012

Ferietid.

Me har tjuvstarta på ferien, og hatt ein tur til varmare strøk. Kreta er ei god og varm øy! Dag etter dag med 30 grader, morgonbad, sand mellom tærne, solstolar på stranda eller ved bassenget, godt lesestoff, litt stitchery og strikkeri, solkrem, solbrent hud, gresk salat, oliven. tzataiki, restaurantbesøk, frukost i skyggen på ballkongen, garnbutikk, knappebutikk, nye sandalar,taxi-kjøring, gresk aften, og flytur heim. Ei veke går fort, men det var godt med avslappandes dagar i sola. Seinare i sommar ventar hytteferien. God ferie det og. Imens "kosar" eg meg med ulike vaske og rydde-prosjekt i heimen + lange srikkepausar! Det er jo ferietid.

Her er hotellet, med utsikten frå terrassen vår.
Flott plass!

Kjekt å ha minstejenta med på ferie!

Fargerik dessert!

Nydelige blomster.

Kvar morgon starta med eit morgonbad.
Kjempegodt.

Spørs om me greier å gjennomføra det på hytta.

Eg fann ein liten garnbutikk.
Her var mykje akryl-garn.
Men eg fann då noko bommulsgarn i flotte fargar.

Og litt tveed jeansgarn! Tysk.
Me får sjå etterkvart kva det skal bli til.

Eg fann og ein liten knappe- og blondebutikk.
Fine skattar.
Legg merke til den flotte gullknappen i høyre hjørna.
Den fekk eg gratis sidan eg var så god kunde!

Gode late dagar.

Gresk salat og tzatziki.
Fekk sansen for det denne veka.

Kveldshimmel

Godt med ein terrasse som låg i skyggen store deler av dagen.
Utruleg flotte blomster

Ein kan bli litt rastlaus av slike late dagar. Godt å brodera litt. Snart jul....

Fleire sprøe prosjekt!
Kanskje denne kan la seg restaurera?

1 kommentar:

  1. Så herlege fotominne frå Hellas... Såg ut som ein kjempegod ferieplass, godt med sol og varme innimellom det norske sommarveret:) God ferie vidare, kanskje treffest me ein gong iløpet av sommaren.. Sommarhelsing frå Rut

    SvarSlett