torsdag 19. juli 2012

Sommardagar.

Me er i feriemodus - me nyt sommardagane på hytta for tida. Skjønt sommar - 12 grader og regn er ikkje akkurat drømmeveret for ein hytteferie. Men dessverre kan me gjere lite med det, og sutring over veret hjelper heller ikkje. Me får heller nyta solstrålene som innimellomdukkar opp, og finne på  kjekke, artige og løgne ting å fylle dagane med! Og det er som regel ikkje problem, denne gong hadde me til og med tilhengar med oss på ferie. Når ungana var små trykkte me både oss og baggasjen inni bilen på nøye tilmålt plass. Nå er me bare to - og treng tilhengar. Eller ikkje eg då, det er gubben som har med dei store tinga! Men akkurat nå er me heimom ein tur, bursdag til SykkelSiri og hyttetur til Mandal frista og! Men plutseleg er me på plass på "Skårfestet" igjen - klare for nye gode fine dagar.

Plenklypping i plommehagen.

Han greier å sitte ner ei lita stund!  Særleg dersom eg finn noko godt å ete.
Hyttenaboen lurer av og til kva han "går på"

Godt å strikke teppe i sommar - varmar undervegs!

Gresk salat med oliven og fetaost frå Kreta.
Nesten like godt som der nede.

Frukost for to på "Lille Hellas"
(Plattingen vår heiter det!)

På tur til gode venner i Kvildal.
Nydeleg hytte med utrulege mengder sjarm!
Takk for ein flott ettermiddag i regnet!

Matauke - nyrørt bringebær til vinteren
- når me ligg i hi.

Brushetta - med den gode basilikumen.

Nydelige roser frå hyttehagen

Vintertrekk til capsen!
Eller sykkelsete til strikkasykkelen!

Vaffelsteiking i sommarsol.

Leigebuara - eit svalepar er travle med mating av ungane sine.
Litt artig - og litt irriterandes.
Dei er ikkje så nøye med toalettbesøka.
Det havnar på trammen vår...
Gubben har kjøpt seg sement-blandar.
Gjett om han var glad då!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar