mandag 9. juli 2012

Grønn glede.

Grønt er skjønt, iallefall når det kan etast. Eg har begynt å laga heimelaga grønn pesto!(Har iallfall gjort det 2 - 3 gonger!) Eg er ganske stolt,  for eg er ikkje av dei ivrigaste når det gjeld å svinge seg på kjøkkenet. Men når eg første gjer noko, er eg veldig fornøgd! Pestoen smakte kjempegodt, og oppskrifta fann eg på nettet, feks. her. Ingrediensane er frisk basilikum, pinjekjerner, parmesan-ost og olivenolje! Pluss litt krydder. Knallgodt! Og så kom gubben heim med ein flott småblada basilikum frå Kvinlog. Då kan det bli mykje pesto her i huset! Og så nokre bilder av sykkelprosjektet: gubben tok fotoapparatet og fanga opp litt "strikkekos" i hagen.
Flott farge og smak.

Takk Marit, denne var kjempeflott!

Kos med "strikketøyet".
Ikkje lett å stappe det i lommen nå!

Finjusteringsstrikk.
Eg er nok litt nøyen på det.
Likar at det passar perfekt, sjølv om sykkelen skal stå ute i ver og vind.
Alle trådar må festast,
og helst ingen klumpar på trekket.

Snart ferdig!

1 kommentar: