lørdag 7. april 2012

Påskeharetid!

Påskeharane har hatt ein fin påske. Nydeleg solskinn, tur i skogen,  bål og eggkoking, gjøyming av påskeegg, og koselege hyttekveldar. Etterkvart vart den minste og ferdig!  Eg har jammen kost meg med dette prosjektet. Var litt treg i starten, tenkte dette ikkje var noko for meg, men dei var kjempekjekke å strikke. Likte godt at heile kroppen blei strikka saman, det vart ein god fasong på dei då. Den minste er strikka rett etter oppskrifta, i finullgarn og pinne nr. 2,5. Nr.2 blei strikka i Fritidsgarn på pinne nr.4,5. Til den største brukte eg dobbel Easy og pinne nr.8. Genseren strikka eg på pinne nr.9.Ganske tjukt. Eg likar nok best tynnare prosjekt!  Men eg har fulgt oppskrifta, både med masketall og antall omgangar.

Godt i solveggen.

Nokon måtte passe påskeegget!

Gubben fann sitt egg.

Veslejenta

Eggkoking

Veslejenta i "påskeharedrakten" sin.
Den er ganske imponerandes - ho har strikt den sjølv!
For nokre å rsidan.

Kjekt med påsketur!

I nydeleg ryfylke-natur.

Minstemann - ei søt påskejente!

2 kommentarer:

  1. Flotte harar og koselege bileter! Du er god til å gjera det koseleg rundt deg, Tone! Kjekt å fylja deg her på bloggen��. Siri UB

    SvarSlett
  2. Takk for det Siri. Plutselig er du med i eit innlegg, me gler oss til Danmark og Skagen;-)

    SvarSlett