søndag 29. januar 2012

Mannen som skulle stelle heime - del 4

"Blåstikk."
Han styrer med litt av kvart, den gubben min. Ein av tinga han meiner det er bare han som gjer - er syltetøylaging! (Eg tar meg av det friske, rørte, nydelege jordbær- og bringebærsyltetøya som me koser oss med i spesielle anledningar). Så eg kan vere enig i at det er bare han som koker syltetøy her i huset. Og så eldstejenta då, som er innom av og til, og som koker 52 sortar i løpet av eit år! Så kven som er inspirert av kven - ikkje lett å seie. "Solstikk" har vore ein slagar her i huset i årevis. Men kva gjer ein når ein ikkje har nok solbærbuskar i hagen (me må plante fleire:-)) , og ikkje finn solbær på butikken? Jo, då puttar ein noko anna blått oppi  Denne gong vart det blåbær som blei følgesvennnen til stikkelsbæra + litt sitronsaft (slik eldstejenta har lært han).God blanding, friskt og godt, gav passe blå tenner - og passa godt på brie-osten til frukost.

Sjølvportrett av ein glad syltetøygubbe!

"Blåstikk"


1 kommentar: