Endeleg er danskejakke
ferdig! Det tok si tid. Særleg med alle dei trådane å feste. 150 trådar
på kvar arm - i eit garn som minnar om sytråd! Men eg er godt fornøgd
med resultatet. Nå gler eg meg til å ta den i bruk. Ellers har veka vore
brukt til ein del spel - me er blitt hekta på Wordfeud. Det er
travelt å ha mange motspelara og klara å lage fine ord, tenka taktikk,
og prøva og vinna over feks ein norsklektor! Men det er artig. Tar med
eit bilde frå ei lita bake-ri som kom over meg på lørdag. Det er
dessverre ikkje så ofte sånne rier kjem, så det gjeld å kosa seg ekstra
når me har noko ferskt bakverk i huset. Kanskje det skulle vere eit
nyttårsfortsett - eller februarfortsett - det å baka oftare.
Ferdig! Og opphengt i garderobehylla mi som eg er så glad i.Gjennbruk er tingen. |
Knappar i ulik farge. |
Heimelaga polarbrød! Knallgodt med ost og syltetøy på. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar