søndag 22. januar 2012

Strikking i januar.

Det er fremdeles mørketid ute. Her innerst i Konglevegen har ikkje sola fått sleppa til ennå. Men i dag var det likevel ein nydeleg sundag, med tur på stranda i nydeleg sol og utrulege mengdar med andre folk - og kjempekoseleg ettermiddagsbesøk hos ei god venninne. Med strikketøy sjølvsagt! Men kva finn me i strikkekorga denne måneden? Jo, litt forskjellig. Det flotte garnet eg kjøpte i Paris er påbegynt: det skal bli ein enkel jakke med fargerike knappar. Aran-genseren er under arbeid - som frukoststrikk. Det gule teppet veks sakte, og eit par nydelege vintarvottar er påbegynte. Mønsteret har eg  funne på ein koseleg strikkeblogg som eg pleier å titte innom. I tillegg har eg såvidt begynt på ein kvit genser av Anette Danielsen, i lin/ull-garn . Blir fin, trur eg. Eit prosjekt er avslutta - hua til gubben!
God og varm på toppen -viktig når ein speler wordfeud

1 arm + litt av nr. 2 + påbegynt bol.
Oppskrifta er på fransk - så det blir rein dikting underveis!

Nydeleg fargespel i garnet.

Arangenser - eg har kopiert av mønsteret etter ein genser som mellom-Guro hadde kjøpt!
Kjekt å "dikte" litt sjølv.

Flott vottemønster, funnen her.

Nytt "sytråd"-prosjekt

Gult er kult!

2 kommentarer:

  1. Mykje flott strikkearbeid på gang:). Dei vintervottane var heilt fantastiske......dei frista. Ellers var det kjempe gildt og godt å ha besøk av deg, godt med ein drøs. Ha fin arbeidsveke .

    SvarSlett
  2. Eg misunner folk som dikter sjølv - eigentleg strikkere generelt :-P Veldig viktig med varm hue når ein speler wordfeud, trur eg må prøve det :-)

    SvarSlett