søndag 27. november 2011

1.sundag i advent.

Det er framleis november, men jula nærmar seg  likevel. I år får me fire heile veker i advent! Det er ganske deilig, for det er alltid så mykje me har lyst å gjere i førjulstida. Kvart år skriv eg i juleboka vår: Begynn litt tidligare, bak mindre kaker, bruk tida til sosialt samvær og førjulskos. Så får me sjå om me greier det i år. Denne helga har me iallefall begynt med det sosiale samværet. Mellom-syster frå nord er heime, og me tre systre likar godt å vere i lag. Så helga har hatt ein del treff. I tillegg innviterte eg nokre av syskenbarna mine på besøk og det er alltid veldig koseleg. 7 pratsomme damer + 2 gamle morer = ein vellykka sosial laurdagskveld.  I dag var det sundagsmiddagen som vart felles, på Njågarden. Kjekt å vere i lag. Ute blåser det enormt - me får kose oss inne resten av denne 1.sundagen i ventetida.

Flott adventshjerte som gjestene hadde med.

Nå tenner vi det første lys, åleine må det stå. Vi ventar på det vesle barn, i krybba lagt på strå.

Vårlege tulipanar -  minner oss om at etter mørketida vert det lysare.

1 kommentar:

  1. Det er koseleg å bruke tida på kvarandre og samlast!! Nydeleg hjerte du fekk av damene.
    Likte adventsstaken på skiferhella, er den frå Randøy? God advent, me snakkast plutseleg:)
    mvh Rut

    SvarSlett