mandag 13. juni 2011

Pinsen.

Så var pinsen over, og gode dagar på hytta er allerede minner. Eg og gubben drog inn aleine, med bilen full av det me likar å halde på med: mureskeier, malekostar og strikketøy! Ettekvart fekk me jentebesøk, 4 flotte jenter ankom hytta sjøvegen, med båt fra byen til Judaberg. Faren var matros på Randøy-skuta. Dei 4 feira tidleg ferie - heldige dei! Ellers plukka med ein del natur. Har tenkt å prøve meg litt på fargeplanting til sommaren. Pors, blåbærlyng, ryllik og bjørk. Kan bli fine gule /grønne/ gråe fargar av det = nye strikkeprosjekter!

Nymalt tresetar! Den turkise perioden er over.  Eg har malt inne.                       


 

Den gamle hylla etter oldemor har og fått ny farge.
Gubben har malt ute.

Kjekt med jentebesøk

Gode hyttesko. Akkurat passelige med tøflene oppi!

Ein haug med jenter!

Blåbær og pors

Kveldskos rundt grua.
Og strikkinga, korleis går det med den? Ulempen med domino-strikk er at eg har sett i gang litt store prosjekter. Då tar ting litt lenger tid før  dei er ferdige. Men plutselig er trådane festa, og teppene ferdige. Følg med, følg med!

1 kommentar:

  1. Kjenner eg får veldig lyst til å svinge av på Hjelmeland og i sommar og oppleve den koselege hytteplassen dokka igjen:) Spennande med fargeri!!
    Klemrut:)

    SvarSlett