søndag 19. juni 2011

Ferietid og strikketid i juni!

Ein liten titt i strikkekorgene viser at juni - slik som  mai - kan oppsummerast i eit ord: DOMINO! Ulempen med slike prosjekter er at dei ofte blir store, eg kjem liksom ikkje på så mykje anna enn tepper å strikke! Og då tar ting litt tid. Men dei har iallefall blitt større! Så målet for denne sommaren er å fullføre desse teppene. Heldigvis har eg lærarferie! Den starta på fredag! Neste gong eg skal på jobb er 15.august. Fantastisk! Så nå blir det tid til både strikking, litt husarbeid, maling av diverse småmøbler, luking i hagen, og feriering!

Hytte-domino. Skal bli eit godt og varmt sengeteppe!

Oppdraget i Kari-klubben: Sjøen og stranda er ferdig.

Nå har marehalmen og strandnellikane begynt å titta fram.

Nepalteppe - dei likar best å få fargerike tepper til babyane sine.


Ha ein fantastisk sommar alle i saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar