torsdag 7. april 2011

Unntakstilstand!

Det går litt trått på bloggen for tida! Eg har nemleg ødelagt kameraet vårt. Det nye fine speilreflekskameraet! At det går an! Men ein liten luftetur ut av hånda mi og rett i flisegolvet i kjellaren, var ikkje noko det likte! Eg har fått låne døtrene sine apparat innimellom. "Ver forsiktig, mor!" seier dei då. Men litt forsikringspengar har ankomt, nytt apparat er bestilt, så plutselig er eg tilbake med forhåpentleg fine vårbilder. Imens får me nøye oss med å nyta dei nye spirene som tittar fram ute, med bare augene!


Eit minne frå ein kveldstur på stranda, tatt med mobilen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar