Det er palmelørdag - det er snart tid for påskeferie. Bilen er pakka med mureskeier, hyller, solbærbusk, strikketøy, båten står klar på hengaren, me har pakka turkler og påskegodt! Me er klare for Randøy og gode hyttedagar. Bare oss to eldste i huset. Litt rart det og. Dei nygifte frå i fjor skal til Sirdal, mellom-Guro skal tilbringa påsken på Mc.Donald , og minstejenta er dratt på busstur til Tallin. Nå gler me oss til ein påske med knallver, med eggkoking, besøk av gode venner og kaffipausar i solveggen. Imens kan me ta ein titt på påskegreina mi, som var julegrein ved forrige høgtid. Nå er den ferdig dekorert.
God påske til dokke alle!
Snart er det sommar!
Snart er det sommar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar