lørdag 9. april 2011

Våren e komt!

Det er vår, det er laurdag, det er fint ver ute! Nytt kamera har flytta inn til oss, me  satsar på eit langvarig forhold denne gongen. Ein liten rusletur i hagen kan dokumenterast med fine bilder! Godt å sjå at jammen spirer det og gror ute. Hagen vår ligg litt nordvendt på denne tida av året, og derfor kjem våren  litt seinare her enn hos naboane. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Men om sommaren skin sola til seine kvelden, med solnedgangane i havet. Flott her då og!

 Det gamle bordet utfor unngangsdøra
er fint å sette vårblomar på.
Hurra!
Endeleg blomstrar julerosa mi.
Den har stått i jorda i fleire år utan blomst.
 Krokusar.
Fint med blomar på bare kvistar.
Flotte spirer.
Dei blåe ballane er i ferd med å titte opp.
Aprikostreetrt er i ferd med å sprette ut.
Det står godt og lunt like ved huset.


Grasløken er komt godt i gang!
 Den røde julerosa står og i blomst! 
Kjekt!
 Gode venner kom på besøk på fredagskvelden
og hadde  med flotte tulipanar.
 Roser til helga.
Tilslutt litt strikk - påskeegg.
Drops design si oppskrift!
Garnet kjøpte eg på Island for nokre år si!
Litt av garnlageret, med andre ord.

Ha ei fortsatt fin helg!

1 kommentar: