fredag 31. desember 2010

Godt nytt år - og takk for det gamla!

2010 er snart over - om nokre timar er det blitt historie. Litt rart å tenke på, at dagen i dag er historie i morgon. Året har på sett og vis vore spesielt. Me har hatt mange fine og gode opplevelsar, men innimellom har det og vore nokre nertura. (dødsfall, sjukemeldingar, rygg.......)Men me har mykje å vere takknemlege for.  Slik på tampen kan det vere greit med nokre refleksjonar. Kva vil 2011 bringa oss tru? Kva vil gjere desse dagane spesielle? Kva slags opplevelsar frå dette året vil me huske tilbake på?  Det er ikkje alltid dei store opplevelsane som gjer at dagane vert gode. Av og til er det enkle gleder, som eit smil, eller ei oppmuntring som lagar solskinn. Me satsar på at det er flest gode og positive hendingar som festar seg i minnet vårt.
Når eg var liten, var eg opptatt av å ha nyttårsfortsett. Noko eg måtte greie i det nye året. Etterkvart har eg innsett at det ikkje varer så langt ut i januar, før fortsetta er gløymte. Men i år skal eg ha eit fortsett:
  • Å strikke opp ein god del av garnlageret mitt. (Eg seier ikkje alt, men ein god del!)
Så nå har eg hamstra litt ekstra, slik at eg har noko å fylla fritida mi med!
Då vil eg bare seie:
 TAKK FOR DET GAMLA - OG GODT NYTT ÅR TIL ALLE!
Det er snart sommar igjen....

1 kommentar:

  1. Godt Nyttår til deg og dine! Takk for alt i det gamla! Hilsen okke på Forus

    SvarSlett