søndag 19. desember 2010

3.adventsveke

Det nærmar seg stadig jul. Kvar dag finn me noko å henge fingrane i. Men likevel prøver me å ta oss tid til litt avslapping og sosialt samvær med familen og venner. Denne veka har vore ganske sosial: 4 kveldar i lag med gode venner. Ellers har dei nygifte komme  på juleferie, med base på Sandnes. Men me får stadig besøk!

 Måndag 13.desember 
Gubben regjerer på badet. 
Dusjveggen er snart klar.  

Tysdag 14.desember
Eg bakte melkebrød.
Knallgodt! Kom gjerne og smak!

Onsdag 15.desember 
 Det snødde igjen, etter eit par bare og milde dagar.

Torsdag 16.desember 
 Terje fekk ei bake-ri. 
Nordlandslefsene er klare.

Fredag 17.desember 
 Helgearbeid.
Ungane på skulen har 
brodert diamantsting! 
Min jobb: montere dei 28 putene.....

Laurdag 18.desember 
 Juletrehogst på Voll

Sundag 19.desember 
Me har funne ein gammal spark frå barndommen. 
Den blei fin pynt ute med nissar og ei lykt på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar