tirsdag 28. desember 2010

Årskavalkade - av stranda.

Som mange av dykk kjenner til, har eg gått mange turar dette året. Den plassen som har blitt besøkt mest, er nok stranda. Lett kupert å gå i dei graskledde dynene - og det har vore kjempegodt for ryggen. Stranda er ein nydeleg plass, ein varierandes plass, og eg har fleire ulike ruter som eg likar å gå. Eg likar best å ta motvinden først, så det er ofta den som bestemmer om eg går sørover eller nordover. Då er det så lett heimatt.... Ein skulle tru at vinden alltid er sterk i eit så åpent landskap, men jammen har me dagar innimellom som er heilt vindstille og. Soloppgangen på stranda er og heilt spesiell. Når lyset får tak over skumringa, då er det fint å vere ute i naturen. Av og til har eg hatt følge på turen, men ofte har eg gått aleine. Fint begge deler. Nå i juleferien tok me skina fatt, og fekk oss to fantastiske turar over "viddene" der nere, 0 meter over havet, og med bølgeskvulp! Ein flott plass!
 Ein vårdag i mai.
 Det første vårtegnet.
 Desse to fekk vere med på tur.
 Flotte, "mjuke" steinar


 Sommarslege lupiner

 Nokon hadde laga eit hjerte.
 Sjølvportrett.
 Flott himmel
 Nyper

 Like innmed sanddynene begynner landbruket.
 Morgon-rødme

 Brettselings-konkurranse.
Gubben på tur! 

 Regn og ruskever. 
Deilig det og!

 Hausttur med den nygifta!
 Soloppgang!
Fantastisk flott. 

 Ein grå dag.
 Månen har ikkje "gått og lagt seg ennå"!
 - 10 kuldegrader ute. 
Ein frisk tur til Sele havn.
 Islagt
 Sele havn
 Morgon-rødme
 Skitur i grasdynene.
Fantastiske vidder.
Nokon hadde laga julehelsing

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar