mandag 27. desember 2010

4.adventsveke - nå er det snart jul.

Nå er jula over oss, det vart jule i år og, sjølv om me aldri rekk alt me tenker på forhånd. Men i år slakka me av litt på krava. Det viktigaste er jo korleis me har det i lag, ikkje kor mange sortar kake me har fyllt boklsane våre med. Dessutan er eg lei av å bake kaker som folka på jobben til Terje kan kose seg med etter jul. Eit lite tilbakeglimt - dei siste førjulsdagane + sjølve julehelga. Fine dagar!

Måndag 20.desember
 Julesokkane er på plass.
Sjølvkomponerte.

Tysdag 21.desember
 Køkjøring på Forus
Eg var grei med gubben
og kjørte midt i rusj-tida til Forus.
Oppdrag: Meir fugemasse til badet. 
Tregte på at eg ikkje hadde strikketøy med.
Her kunne eg ha strikka mykje mens eg kjørte.

Onsdag 22.desember
 Me lagte brente mandler.
Knallgodt.

Torsdag 23. desember
 Juletrepynting av jentene våre.

 Det blei det finaste treet i år og!

Fredag 24.desember
 Det er jul - og pinnekjøttet skal kokast.
God julelukt i heile huset.
 Det snødde heile julekvelden -
og smånissane utforbi fekk seg ny kvit drakt!

Lørdag 25.desember
 Julemiddag hos svoger og svigerinne.
Kjempegod laks stod på menyen.

Sundag 26.desember
Juleselskap hos oss.
Då var resten av slekta samla.
Koldtbord var menyen då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar