onsdag 26. mai 2010

Pinsen på Randøy!

Så var pinsen over for denne gong, men jammen hadde me fine dagar! Denne helga vart det heldigvis hyttetur på oss, me fekk jo ikkje reise sist helg! Då dreiv Terje besøkstjeneste på sjukehuset! Så han tok fri fredagen, og det var ein kjempefin dag, god og varm! Han fylte opp bilen med mykje rart - og så drog me på tur- bare oss to! Nye Rhododendronar, mold, diverse stauder, solbærbusk, motorsag, tursko, masse mat - og strikketøy, var med oss på tur! Etterkvart kom Guro og Sebastian, og me hadde ein koseleg helg ilag, med båttur, tur i skogen - i roleg tempo pga pasienten - grilling på terrassen og kjekt spel om kvelden! Ei god pinsehelg! Det blomstra fint i beda
våre då me kom inn!
Her låg "paven"!
Nydelig med litt sol
på bleike føter!

Og her svetta "slaven"!
Terje slappar ekstra godt av
når han får spa litt i molda!
Guro og Sebastian!
Ut på tur!
Kjekt med nye båten fra i fjor!
Nå treng eg ikkje å holda meg fast lenger
- kjekt med litt meir fart!
Kapteinen!
Flotte briller!
Me hadde fått oss ein leigebuar!
Det låg eit nytt egg i reiret kvar dag!
Nytt prosjekt:
Dette skal bli ein flott benk!
Kjekt å leike seg litt!

1 kommentar:

  1. HURRA MEG RUNDT OG GRATULERER TIL DEG PÅ DAGEN TONE!! KLEMRUT

    SvarSlett