Eg er framleis sjukemeldt, men nå nærmar det seg slutten! Neste veke begynnar eg så smått igjen! Hurra! Det skal jammen bli godt å få vanlege kvardagar igjen! Men kanskje litt tøft og, det er jo kjempelenge sidan eg var på jobb, nesten 7 veker! Eg som i grunnen reknar meg for å vere ein frisk og spek dame - og så går eg i bakken rett som det er! Dette var tredje operasjonen eg har hatt etter eg fylte 40! (Eg hadde visst ingen før!) Kanskje eg må revurdera mi oppfatning av meg sjølv?! I allefall har eg fått tid til litt strikking innimellom turgåing (stranda er framleis ein flott plass, særleg ei stille morgonstund!), klesvask og bryllupsførebuing! Sjå sjølv! Regnbue-teppet aukar.
Nå skal eg begynna på blått!
Flotte fargar!
Eg har begynt på ei ny fana-kofte!
Litt meir bolero-type, og med flotte broderi på!
Og så har eg lært meg noko nytt:
Eg strikkar MØBIUS.
Eg har lært det av ei ukjent dame pluss på nettet!
På http://www.youtube.com/ ( Søkeord: moebius )
ligger det fleire videoar
som viser korleis ein strikkar dette.
Men kva er det, og kva skal det brukast til:
Hals/skjerf/hue på kalde dagar!
Litt artig å prøve noko nytt!
Flotte fargar!
Eg har begynt på ei ny fana-kofte!
Litt meir bolero-type, og med flotte broderi på!
Og så har eg lært meg noko nytt:
Eg strikkar MØBIUS.
Eg har lært det av ei ukjent dame pluss på nettet!
På http://www.youtube.com/ ( Søkeord: moebius )
ligger det fleire videoar
som viser korleis ein strikkar dette.
Men kva er det, og kva skal det brukast til:
Hals/skjerf/hue på kalde dagar!
Litt artig å prøve noko nytt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar