søndag 28. februar 2010

Vinterferien!

Då er jammen vinterferien over for denne gongen og! Utruleg så fort sånne fridagar går! I år og fekk me vere med til Ådneram - og me hadde kjekke dagar der! 35 stk, nokre store og nokre små - me var omtrent i midten! Me gjekk på skitur i kuling, og i finare ver, og me hadde skileik med bl.a aking på bilslange! Me koste oss med kjempegod mat, både nistepakkar og knallgode middagar på hytta! Eg fekk strikka mykje, Terje las mykje, og det var mange kjekke folk å prate med! Me gler oss allereie til neste år!

Ut på tur - i kuling og snøver!

Her e me! Med fine huer på!

Rønnaug og Sigve i løypa!

Ei flott gammal dør
- på ein flott gammal støl!

Godt med ein kvil!
Matpausen er halve turen!

Nam, nam!!

Underhaldning på tur!
Maren koste seg mest i trekket,
men her ligg ho underst på bilslangen!
Kjekk for både store og små!

1 kommentar:

  1. Så herlege bilder, niste i ein sleten stølsvegg.. Snø, ski, appelsin og godt lag.. Kan det bedre bli?! Og så kjekt når ein ikkje er for gammal til å tøyse litt...:) Skikkeleg gule tenner på Terje, hadde han lagt igjen tannbørsta heime??:)

    SvarSlett