Eg er ei ekte forfattar-mor. Eldstejenta har, som eg tidligare har fortalt om, gitt ut
si eiga syltetøybok. Den er flott! Stor bok, flotte bilder og mange gode oppskrifter.Og ein stor teori-del der ein kan læra det meste som er verd å vite - om syltetøy-laging. Og for å innrømme det med ein gong - det er dessverre ikkje meg som har lært ho opp. Ho likar nye utfordringar og finn stadig på nye kreative ting. Ho har nettopp avslutta ein "Give-away" på sin eigen blogg, og nå har eg fått ei signert utgåve som eg kan få lov å gje vekk! Så om du ikkje var heldig i hennar trekkning, så har du sjansen her!
Alt du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar nedanfor der du seier kva som er ditt yndlingssyltetøy. Då er du med i trekningen om ei flott og unik bok.
Fristen for å delta er 18.mai
søndag 4. mai 2014
Hytteliv.
Ei god og avslappandes helg er over, og jammen fekk me ei fin helg i Ryfylke denne gongen og. Både Gubben og eg har jobba med ulike ting, eg har førebudd alle foreldresamtalane som eg skal til med denne veka, og Gubben har tatt seg av vedlikehald av diverse hytteting. Alltid noko ein kan fikse på aller vedlikehalde når ein har ei hytte. Men "Ut på tur"- mottoet vårt har me brukt denne helga og. Sykkeltur, skogstur, langs-svadberga-tur, fjelltur, og biltur. Kjekt med variasjon. Sykkelturen vart rundt øya - 15 km. Skogsturen er vår faste runde i skogen - 4 km. Rusleturen langs svadberga, over brygger og gjerder og gjennom utmark, vart 5 km. Fjellturen gjekk til Skomakarnibbå og er ein knallflott tur på 12 km og mange høgdemeter! Herlig tur! Og bilturen - foruten å kjøre fram og tilbake til hytta - den vart på handletur til Hjelmeland. Koseleg det og. Me kosar oss på tur i lag - sjølv om me av og til må reise aleine.
| Kjekt å rusle mellom fine naust. |
| Masse flotte strandnellikar veks på berga. |
| Litt planke-trening blandt blomane! |
| Næringsrike sprekker i berget. |
| Askeladden på tur: Eg fant, eg fant... |
| På veg til fjells - flott med nye leikne lam. |
| Flott utsikt over øyane. Og garden der me parkerte bilen ved. |
| Terje på Karastykket! eg torer framleis ikkje snuble meg ut her. |
| På kanten av stuuuuupet. Med "Nibbå" like bak. |
| Me må alltid oppom varden på fjellet like bak Skomakarnibbå, Høgehei - som er 743 meter høg. Må alltid tøyse litt! |
| Utsikt frå skogsturen! Godt å gå i ulendt terren og komma seg opp i høgden. |
| Det var nydelig i hyttehagen denne helga. Rhododendronane stod i full blomst. |
| Og plommetreet ser ut til å få masse plommer i år og. |
| Og mykje svarte stikkelsbær. |
torsdag 24. april 2014
"Nuten"
Teppet "Nuten" er ferdig.
Herlig! Alltid godt å avslutte eit stort prosjekt. Dette var det 7.dominoteppet mitt. Hekta? Tja, kanskje. Eg har visst ennå eit på pinnane... Kvifor er dette så spennandes?
1. Det er veldig inspirerandes å bruke så mange fine fargar.
2. Kjekt å finne fine fargekombinasjoner.
3. Det går og fort å strikke ein ny lapp, mest maskar i starten, så minkar det etterkvart.
4. Det viser fort igjen med nye lappar.
5. Kan vere ein fin måte å bruke opp restegarn på.
6. Ein blir litt hekta: Bare ei rute til...
Ulempe:
Mange trådar å feste.....
"Nuten" starta eg på i nov 2012. Det har me andre ord vore eit langtidsprosjekt. Men eg har jo ikkje akkurat strikka kontinuerig på det. Me hadde ein flott fjelltur til Tørvikanuten i Hardanger sommaren 2012 Fjellet fasinerte meg. Utruleg fargespel i grått, kvitt og brunt, med ispett av grønnt og rust. Fantastisk flott. Eg bare måtte strikke det! Så litt restegarn, og ein del nye nøster - og vips så var eg i gang.
I påsken strikka eg ganske inntenst på det. Eg hadde begynt på kanten rundt, og jammen vart eg ferdig med dei 84 små rutene i to fargar. Heldigvis hadde eg festa dei fleste trådane etterkvart. Nå skal eg bare "lune" teppet litt i vaskemaskinen, så skal det få fast plass på hytta. Passar fint i skogen.
Har du ikkje prøvt deg på domino ennå, finn fram pinnar og garn. Det er verd å prøva. Det kan fort bli ein vane.Oppskrifta finn du her!

Min påske!
Påsken er over - og i år var den særdeles fin. Nydelig ver dei aller fleste dagane, mange fine turar, toppturar i Fisterområdet, kvitveis, god mat, mange varmegrader, koselige dagar i lag med Veslejenta, besøk frå Fjellfolket, og god tid til strikking. Mange måltid ute på terrassen - bål i grua med vaffelsteiking - påskekrim på Tv, og litt påskegodt. Herlige dagar. Heldigvis hadde me liggandes shortsar på hytta, me kom ikkje på at sommaren kunne komme i slutten av april. Plommetreet stod i full blomst, og heldigvis var humlene òg vakna av dvalen. Det blir spennandes å sjå kor stor plommehausten blir dette året.
| Gjennsynsglede med påskeharane. |
| Plommeblomstring. |
| Nydelig med kvitveis i hagen. |
| Kjekt med besøk frå fjellet. |
| Ein kvil i bakken, med nydelig utsikt. |
| Gode vafler steikt på bål. |
| På toppen av Lauvåsen - eller Fistersendaren. |
| Furet, værbitt....... |
| Kveldsstemning - med bud om ein ny, fin dag. |
tirsdag 15. april 2014
Påskeferie og påskestrikk.
Det er ferie. Herlig! Eg er allereie godt i gang med å nyte fridagane. Veslejenta er heime på ferie, og dei to andre er ikkje så langt vekke dei heller. I år blir det nokre dagar heime først, og så dreg me avgårde til hyttepåske og Randøy etterkvart. Me gler oss, til turar til skogs og til fjells, god mat, strikkepausar i solveggen, påskeharane, endå meir sol, gule egg, matlaging i grua, båttur, gode samtalar, litt påskegodt, lesestund........ det skal bli godt med ein pause frå kvardagen. Og nå når "Gamle Svarten" er borte og, har me blitt kvitt ein frustrasjon og bekymring. Me har brukt ganske mykje energi på akkurat det prosjektet! Me er ikkje vant med slike tålmodighetstestar. Likar å få ting unna i ein fei! Fort gjort - kan ofte vere eit godt motto! Og så kan me slappe av og nyte dagane etterpå.
Men påskestrikk - kva skal eg pakke med meg denne gongen? Noko av det viktigaste som blir planlagt for ein god ferie, er nemleg strikkekorga. Kva skal få bli med denne gongen? Eg må vere sikker på å ha nok prosjekter med meg. Som regel blir korga alt for full. Men det gjer ikkje noko. Då har eg noko å gjere når eg kjem heim igjen og. I år har eg planar om å avslutta natur-teppet mitt "Nuten". Eg er snart halvvegs på kanten rundt. Så må eg ha med meg bilstrikket: Arne & Carlos-teppet. I tillegg blir det nok nokre små prosjekter, ein arm eller to til nye jumprar.
| Litt gult i stova. |

| Det er litt langt rundt... |
| Eg bruker eit Kauni-nøste, i brun-gråe fargar, saman med rustrødt. |
| Siste tilskudd på strikketøy: Fant dette nederst i ei korg på Kammerset. Blir ikkje den jakken eg hadde tenkt, det er allereie opprekt ein gong. Nytt mot - nå blir det patentstrikk med glitter! |
| Ein arm - til restejumper-prosjektet. |
| Den øverste delen var eg ikkje heilt fornøyd med. Der med blei teppet litt kortare. |
| Stripe på stripe. |
God påske til alle - nyt dagane, det er dei som er livet!
Solgt!
mandag 7. april 2014
"Gamle Svarten!"
Me har kjøpt ny bil. Ein (nesten) ny , blå og fin bil har flytta inn til oss. "Store Blå", "Lille Blå" er stolt lillebror! Problemet er bare "Gamle Svarten". Me har ikkje fått selt den ennå. Og nå som me er bare to i huset treng me ikkje tre bilar. Så derfor dette framstøtet på bloggen. Kanskje det finns ein lesar som treng ny bil?
"Gamle Svarten" er ein 2004-modell Honda CRV. Det har vore ein utruleg god og driftssikker bil, eg likar den veldig godt.Gubben har brukt lang tid på bearbeiding til nyinnkjøp. Stor og god inni, automatgir, bord i midten av framsetene med plass til kaffikopp og nøster, romsleg baggasjerom - og så kjem me oss fram overalt. Opp frå grøfter, ut av snøfenner..... Baki fant me til og med eit campingbord! Utruleg :-) Me har hatt utruleg lite tull med bilen, bare mange kjekke turar og god kjørekomfort! Men nå er det på tide å selge den, for ny bil er innkjøpt. Så - dersom du skulle vere interessert, klikk deg inn på Finn.no, og ta kontakt. Prøvekjøring, levert på døra..... me løyser det meste!

| Kan ete mykje godt her! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)