tirsdag 15. april 2014

Påskeferie og påskestrikk.

Det er ferie. Herlig! Eg er allereie godt i gang med å nyte fridagane. Veslejenta er heime på ferie, og dei to andre er ikkje så langt vekke dei heller. I år blir det nokre dagar heime først, og så dreg me avgårde til hyttepåske og Randøy etterkvart. Me gler oss, til turar til skogs og til fjells, god mat, strikkepausar i solveggen, påskeharane, endå meir sol, gule egg, matlaging i grua, båttur, gode samtalar, litt påskegodt, lesestund........ det skal bli godt med ein pause frå kvardagen. Og nå når "Gamle Svarten" er borte og, har me blitt kvitt ein frustrasjon og bekymring. Me har brukt ganske mykje energi på akkurat det prosjektet!  Me er ikkje vant med slike tålmodighetstestar. Likar å få ting unna i ein fei! Fort gjort - kan ofte vere eit godt motto! Og så kan me slappe av og nyte dagane etterpå.
Litt gult i stova.

Men påskestrikk - kva skal eg pakke med meg denne gongen? Noko av det viktigaste som blir planlagt for ein god ferie, er nemleg strikkekorga. Kva skal få bli med denne gongen? Eg må vere sikker på  å ha nok prosjekter med meg. Som regel blir korga alt for full. Men det gjer ikkje noko. Då har eg noko å gjere når eg kjem heim igjen og. I år har eg planar om å avslutta natur-teppet mitt "Nuten". Eg er snart halvvegs på kanten rundt. Så må eg ha med meg bilstrikket: Arne & Carlos-teppet. I tillegg blir det nok nokre små prosjekter, ein arm eller to til nye jumprar.

Det er litt langt rundt...

Eg bruker eit Kauni-nøste, i brun-gråe fargar, saman med rustrødt.

Siste tilskudd på strikketøy:
Fant dette nederst i ei korg på Kammerset.
Blir ikkje den jakken eg hadde tenkt, det er allereie opprekt ein gong.
Nytt mot - nå blir det patentstrikk med glitter!

Ein arm - til restejumper-prosjektet.
Den øverste delen var eg ikkje heilt fornøyd med.
Der med  blei teppet litt kortare.

Stripe på stripe.

God påske til alle - nyt dagane, det er dei som er livet!

Solgt!

"Gamle Svarten" er solgt! Endeleg meldte det seg ein interessert!  Så nå håpar me at bilen får glede ein  ny eigar, og får vere med på mange fine kjøreturar vidare! Lykke til!

Blant flotte sjøhus på Sele.

mandag 7. april 2014

"Gamle Svarten!"

Me har kjøpt ny bil. Ein (nesten) ny , blå og fin bil har flytta inn til oss. "Store Blå", "Lille Blå" er stolt lillebror! Problemet er bare "Gamle Svarten". Me har ikkje fått selt den ennå. Og nå som me er bare to i huset treng me ikkje tre bilar. Så derfor dette framstøtet på bloggen. Kanskje det finns ein lesar som treng ny bil?

 "Gamle Svarten" er ein 2004-modell Honda CRV. Det har vore ein utruleg god og driftssikker bil, eg likar den veldig godt.Gubben har brukt lang tid på bearbeiding til nyinnkjøp.  Stor og god inni, automatgir,  bord i midten av framsetene med plass til kaffikopp og nøster, romsleg baggasjerom - og så kjem me oss fram overalt. Opp frå grøfter, ut av snøfenner.....  Baki fant me til og med eit campingbord! Utruleg :-) Me har hatt utruleg lite tull med bilen, bare mange kjekke turar og god kjørekomfort!  Men nå er det på tide å selge den, for ny bil er innkjøpt. Så - dersom du skulle vere interessert, klikk deg inn på Finn.no, og ta kontakt. Prøvekjøring, levert på døra..... me løyser det meste!

Kan ete mykje godt her!

søndag 6. april 2014

Vår og strikk

Det er definitivt vår. Fuglesang, blomster som spirer, herlige sykkelturar, varmare og lysare dagar, sol, (og nokre regndager innimellom) . Våren er flott. Utruleg flott årstid. Og så har me heile den gode sommaren tilgode.
 Men strikking - det må me alltid ha tid til. Nokre prosjekt er avslutta, slik som den lyse lin/ullgenseren. Kjekt å få den ferdig. Og nå nærmar det seg teppeslutt. Alle lappane er ferdigstrikka, nå har eg begynt på kanten rundt. Den kan jo ta litt tid den og, men det nærmar seg jo påske og ferie.

Og så har eg starta eit nytt prosjekt. Eg har jo masse garn liggandes. Og mykje tynt ullgarn, slik som sisu og babyull. Litt vanskelig å komme på noko lurt med det. Men så las eg på Aftenbladet sin håndarbeidsblogg, der dei hadde strikka teppe etter inspirasjon frå Arne og Carlos. Ganske artig, så derfor har eg og begynt på eit. Teppe er jo flott, nå blir det rillestrikk, med to fargar om gangen. Godt bilstrikk - då treng eg noko utan mønster.

Ferdig!

12 ruter igjen,

Snart slutt!

Ferdig!
Eg trur eg satsar på ein kant i desse fargane.
Den brunlige kjem til å skifte farge undervegs!
Brun-grå-melert Kauni-garn

Nytt bilstrikk.
Ut på tur.
Sånn kan det bli!

mandag 17. mars 2014

Restegarn og garnslanking.

Kvardagen er i ferd med å normalisere seg. Jobb, middag, kaffikos med avis, strikk og frukt i sofaen, og diverse aktivitetar på kveldstid. Me er så og seie ferdige med malinga i denne runde. Dvs - eg er heilt ferdig. Gubben har ei trapp igjen. Så nå er det herlig å finne roen innimellom med strikketøyet igjen. Me kosar oss i den nye stova, og har funne nye plassar til både nokre møbler og bilder. Kjekt å ommøblere litt.
 
Ein liten titt i strikkekorga viser at det er ikkje så mange påbegynte spøt for tida. Eg har jo nokre langtidsprosjekt, tre tepper er under produksjon, men det eine nærmar seg toppen, så det har eg tatt fram igjen. Må få det ferdig nå snart. Regnbue-restegarn-teppe er ikkje så stort ennå, men plutselig ein dag er det lengre! Og det siste teppe - til Reise-Guro- skal vere ferdig til 25 års dagen hennar. Ho fyller snart 24 nå i mars........ litt god tid, med andre ord.

Domino X 2

Strukturteppe i grått.

Ellers har eg hatt både ein jakke og ein jumper på pinnane ei stund. Danskejakken er endeleg ferdig - blei kjempegod - tynn og lett, kjenner nesten ikkje at den er på. Eg er godt fornøyd med resultatet. Herlig med fargar. Litt tynt garn, kjente det særleg på slutten då eg bare strikka med det gråe garnet. Litt vanskeleg å få fine kantar. Men nå er det ferdig! Hurra!

Ferdig!

Kjøpte fine knappar og i København.
Den kvite genseren i ull/lin -  i dobbelt garn, nærmar seg og slutten. Eg er godt i gang med raglansfellinga. Den ser jo ut som eit pølseskinn, men det er jo ribbestrikk, det strekker seg heldigvis ut ved bruk. Blir nok bra den og :-) Lingarnet har eg hatt liggandes to - tre år på kammerset, så det er godt å få det brukt. Eg suplerte med ulgarnet - før jul.

Kjekk å strikka, mønsteret er frå Annette Danielsen.
Når ein nærmar seg slutten på fleire prosjekt, må ein jo tenke vidare og legge planar for framtida. Kva skal eg nå gripe fatt i tru? Eg likar godt å rusle inn på Kammerset og trekke ut litt korger, kikke på nydeleg garn og planlegge. Eg fann ei fin oppskrift i Anette Danielsen si bok: Østen for solen. Her var rygg, framstykke og armar strikka i ulike fargar og struktur. Dette passte meg. Eg fekk for nokre år sidan ein stor fin bunt med blått garn frå Tallinn av Minstejenta. Eg har ikkje fått brukt den ennå. Nå fann eg fram diverse andre restar og sette saman ein brukbar kombinasjon. Dobbelt tråd av to tynne garn gjer eit fint fargespel. Så nå blir det ennå ein jumper - i blå/turkise fargar. Syns det var kjempelurt å bruke ulike garn - då får eg jammen slanka lageret mitt litt og.

Herlige fargar.
Mine fargar.

Den rustrøde skal brukast til halskant.

Måtte strikke prøvelapp,
slik som Eldstejenta er så flink til.

I gang.
Tenker dette blir framstykket.
Strikka av Tallingarnet.

Sånn skal den bli!
 Kanskje utfordringen vidare må bli - kor mange gensrar klarer eg å strikke av garnlagaret mitt? Eg greier nok ein del til! Men treng eg så mange då? Neppe. Men med eit kjøpefritt år på kler og passar det fint å strikke seg noko nytt. Det kostar jo ikkje noko ekstra!

søndag 9. mars 2014

Ein fin sundag!

Ein fin sundag er snart over. Det har vore kjempegodt med ein fridag. Så i går kveld vart dagen planlagt, med tur til Bjødnaliå og besøk på Hå gamle Prestegård.Me pakka med oss kjempegod mat, tok fram bilstrikket og turkler og drog i veg. Det var lenge si me hadde vore her. Gjekk der ein del då ungane var små. Sola titta fram då me var klare for å finne fram nistepakken, så det passte jo fint. Herlig å vere på tur igjen. Me må jammen vere flinke å bruke fine fridagar utover våren til turar, aller helst opp på ein fjelltopp. Det likar eg aller best. På Prestegården såg me ein utstilling, før me kjørte nerom Madland havn og såg på bølgene - og åt opp resten av nista! Ein god og avslappandes sundag. ( Og etterpå blei det rydding av Kammerset, og oppheng av litt ting på kjøkkenet).

Gubben på tur.

Herlig med rennandes vatn.

Fin sveis.

God mat høyrar med.
Restar frå i går og gode tortillalefser med fyll.
Og Kvikk-lunsj til Gubben.


Flott gammal prestegard.

Nydelig dør,
skulle gjerne hatt den heime.

Utsikt frå løa, der utstillingen hang.

Fasinerandes bølger.
Best frå bilvinduet.

Furet, værbitt......



torsdag 6. mars 2014

Allereie mars?

Eg trur me har vore i hi i vinter. Det kjennest iallefall litt slik. Full fart heim frå jobb, sluke middag - og på med malekleda. Me har brukt mange timar, mykje maling, og mest av alt kost oss med arbeidet. Men det har tatt tid og ein del krefter. Kjenner at det er godt å finne senga når kvelden kjem sigandes. Det gjer godt å få til noko, og vere fornøyd etterpå med både innsatsen og resultatet. Nå er vegger og tak ferdige, i både stove, kjøkken, gang 1.etasje og gang 3.etasje. Det øverste trappa er snart klar, og den nederste trappa har nokre malingsstrøk igjen ennå. Men ellers minkar det veldig. Nye gardiner er komne på plass, møbler er tatt fram og bildene skal snart opp på veggen. Me har benytta anledningen til å rydde litt i skuffer og skap, og prøver å ikkje sette på plass igjen ting me ikkje likar så godt lenger, eller som er utslitt. Godt å rydde litt.

Litt putle-arbeid.

Av og til er det praktisk å vere lågast i familien.
Då kan eg nemleg balansera
sånn nokonlunde oppå kjøkkenbenken
uten å bøye hodet så mykje.


Innimellom strøka har me og vore på vinterferie med masse snø, kjøpt ny bil, ("store Blå"), og vore med på ein kjempevellykka boklansering for Eldstejenta si  bok -   "Syltetøy året rundt" .Nydeleg bok! Kan anbefalast.
Stor og flott bok. (og jente:-) )

Nydelege smaksprøvar

Bøkene gjekk verkeleg unna!
Det var mange som ville kjøpe.

Og nå kan ho finnast i mange bokhandlara.

Men andre ting har visst blitt sett litt på vent. Ikkje like godt å vere på topp på alle frontar heile tida. Bloggen har stillna litt, og faktisk strikkepinnane og. Ikkje like mykje tid igjen til det. Men nå er me i gang igjen.
Einaste ferdige prosjekt i det siste -
varm shorts til Minstejenta.

Ein liten smakebit frå den "nye" stova vår.
Nymalt vitrinskap


Nye gardiner.
Heilt tynne og lette.

Dei gamle gav eg bort på Finn.no

Grå trapp.

Frå kjøkkenet.
Gråe liftgardiner der.