lørdag 22. juni 2013

50 år og sykling i Provence.

 I dag er Gubben 50 år! Endeleg. Så nå er me jamnaldranes igjen. Dagen er allereie behørig feira, men i kveld kjem jentene våre og mennene deira på besøk - til pizzafest. Pizza frå Pizzabakaren er bestilt - ein presang frå gode venner. Dagen er ellers brukt til handling av  nye hagemøblar - denne gong fekk eg jammen flotte møbler i kunstrotting. Det har eg hatt lyst på lenge. Nå står ein koseleg sofa, to stolar og flott spisebord klar og ventar på finveret. Kjekt å kjøpe ein litt stor ting for pengegåvene frå bursdagen! Eg og Gubben prøveåt reker til lunsj på ny-bordet! Det funka godt. Dei gamle møblane skal få flytte til hytta, for det er egentleg dei gamle der inne som er skralast. Domino-effekt.

Nå står koffertane pakka - og billettane ligg klar ( og strikketøy er sjølvsagt med!) I morgon tidleg dreg me avgårde til Provence. Me gler oss masse, har lada godt opp og prøvt å roe pulsen ner i feriemodus, og satsar på varme dagar i Frankrike. Språket kan me ikkje ennå, men det ordnar seg nok. God ferie til dokke alle - plutseleg kjem nye livsteikn i frå oss.

God lunsj ute.


Luksus på ein lørdag!
Ikkje kvar dag ein er 50!


Kom gjerne på besøk for utprøving!





Ein liten titt i hagen.
Akkurat nå blomstrar mange buskar!


Og syriner

Og rosehagtorn. Nydeleg tre.

søndag 16. juni 2013

50 + 50 år!

Det går mot slutten på ei flott helg. Me har vore jubilantar her i huset, og feira at me har blitt 50! Gubben har rektig nok ei heil veke igjen i 40 åra, men nå var tida inne for litt feiring! Eit nydeleg friluftshus vart innleigd for den store dagen,  mat frå Pastabakeriet bestilt, bordpynt og blomster vart planlagt, og plutselig var dagen her. Ein fantastisk kveld, med ungane våre, søsken og svigersøsken, mor, og masse venner. Nydeleg mat, talar fulle av godord, bilder og underhaldning , musikkinnslag og eit bugnandes kakebord. Ein utruleg kjekk kveld. Men dagane i forkant har vore litt hektiske, så alt for mykje strikking har det ikkje blitt. Det vil seie, eg har strikka, og nærmar meg slutten på "Røkejakken" min. Bare litt på halsen igjen og knappar. Og jammen fekk eg strikketøy til bursdagen og! Eit ferdig strikka stykke som skal rekkas opp mens ein strikkar eit sjal! Artig! Og eit gavekort på garnbutikken her på Klepp! Utruleg kjekt å få!



50 år x 2!

Gubben er ferdig med båten!
Den fekk vere med å pryde festen!
Og vere bord for velkomstdrinken.
Då måtte jo eg ha med sykkelen!
 

Me hadde dekka fine bord
- der dukar og serviettar og lys gjekk i blått.

Eg lagte blomsteroppsats i dei gamle koppane.
Inspirert frå bryllupet til eldstejenta.
Dei tre jentene våre hadde ein koseleg tale for oss,
og hadde funne fine barndomsbilder!
Mykje artig!

Litt igjen - snart ferdig.
Eg gler meg.

Spennandes strikkeprosjekt,

Fine fargar!
 Takk for ei flott helg! Mange gode minner!

søndag 2. juni 2013

Båt og strikk - to viktige ingrediensar i kvardagen!

Me har kvar vår hobby, Gubben og eg. Eg er jo som de allerede veit, veldig glad i nøster og strikk i flotte glade fargar. Gubben arva for akkurat eit år sidan eit gammalt båtvrak. Ikkje viste me kva som låg framforbi då, av arbeidstimar og innsats. Det var rett før båten vart eit bidrag til St.Hans-bålet. Men eg tok med meg ein båtglad  kollega heim ein dag, og han har vore til stor inspirasjon! Nå nærmar det seg slutten på prosjektet, over 120 arbeidstimar har han lagt ner i løpet av vinteren, båten er snart klar for "skipsdåp", sjøsettinga er under planlegging og namnet er klart! I dag var me på aktivitetsdag på Engøyholmen og såg på andre gamle og flotte båtar. Koseleg å sjå,  og me fekk ete nydeleg fiskesuppe og lappar. Og jammen kom Tore Båtmann roandes forbi! Veldig koseleg!


Her er Gubbe-båten.
Snart klar til oljing!


Ut på tur -
Hundvåg I hadde  gratisturar idag.

Litt blåsandes - godt med fleecen som låg i sekken!

Flotte strandnellikkar.

Flotte båtar - gode framkomstmiddel ennå.

Prøvesitting

"Sjøulken" Tore! Ekta sjømann!

Eg gler meg faktisk til me skal ut på tur!
På ein litt mindre blåsandes dag!

Tang og tare.
Før dagen var omme, hadde eg i tillegg fått avslutta to strikketøy! Det kjennes godt. Den eine er ein sommarjakke i dobbelt garn - Line frå Sandnes garn - som er ein blanding av bomull, lin og viskose. Håpar den held seg fint i bruk! Strikka frå halsen og ner, så det gjekk eigentleg ganske fort. Det andre er bilstrikket mitt - ein hals à la Matilde. Her vart der jammen nokre feil. Men denne gong har eg ikkje rekt det opp igjen.  Det pleier eg alltid å gjere når eg finn feil. Men  var eg nesten ferdig når eg oppdaga feilen. Fargane kryssa seg visst litt i tunnellane:-) Jaja, alt kan ikkje vere "perfekt". Men nå er pinnane ledige til nye prosjekt! Jippi. Eg skal gå inn på Kammerset og la meg bli inspirert!


Feilstrikkinga viser ikkje når eg krøller den rundt halsen!

Jakken - med 3/4 lang arm!

Og med fine gråe knappar - kjøpt av "Veslejenta" på Lisi Design.

Ser du feilen ?
Det måtte bli feil to gonger sidan eg forandra rekkefølgen undervegs!

tirsdag 28. mai 2013

50 år og "linselus"!

Eg har komt til ein milepæl! Eg  rundar i desse dagar 50 år! Det er ganske stort, syns eg. Då eg blei 40, hadde eg ein liten "krise" på førehand. Syns eg var blitt gammal,  og ein del ting i livet var liksom over. Nå blir eg 50 og syns det er flott! Det er ein fin alder, og eg har mykje å vere takknemleg for. Eg er frisk (verke bare ein del innimellom), eg er  spekare enn på lenge, har stort nettverk  av gode venner og familie rundt meg, ein spennandes jobb, og tid til å styre med ting som eg likar godt! Eg føler meg priviligert! Og i tillegg fekk eg ein artig telefon på fredag. Frå Jærbladet - lokalavisa her. Dei hadde høyrt rykter om ein strikka lyktestolpe! Og ein sykkel. Og ville ha ein liten reportasje i avisa. Eg syns det var artig å takka ja til det. Det er jo litt kjekt når andre syns det me gjer er artig. Og i går fekk eg jammen ei heil side i avisa, og ein fin reportasje på nettsida deira!  Og mange koselige kommentarar i etterkant. Særleg skuleungane syns det var stas å lesa om meg i avisa! Me får ofta ein høg status når me jobbar med dei minste! Og i dag vanka det både blomar, gåver og gode ord på jobb! Det var kjekt! Nå gler eg meg til i morgon til den store dagen - eg skal jammen kosa meg. Og så litt bilder frå barndommen - artig å mimre litt.

Heilsides oppslag! Ganske kult!
Minner frå ei svunnen tid  - ei lita fjolle med svarte kner!
Eg trivdes godt på fjelltoppane allerede som barn!


Kjekt med skiturar - i flott utstyr!
Likna visst mest på ein gutt!
Og sånn ser jenta ut i dag!

mandag 20. mai 2013

17.mai og pinse.

Ei fantastisk helg er over, me har akkurat komt tilbake til kvardagen. Men minnene om ei varm og solrik helg sit ennå i kroppen. Det har vore bare heilt fantastisk!! Me drog innover til hytta på 17.mai-kvelden, for vermeldingane var fine. Me hadde hatt ei koseleg feiring med lunsj her heime på nasjonaldagen. Det var kjekt å vakne opp til sol og fint ver og sleppe å bruke lørdagen til reising. Og jammen vart den sol og fint ver. Nesten for varmt. Gradestokken viste mellom 25 - 28 grader, i skyggen. Denne gong bestod hyttelivet av vask av alle gardiner i hytta, oppheng av nymala  hyller og gardinbrett, tur til byttebua (denne gong leverte me mest!) sykkeltur rundt øya,  besøk av Maren og Ivar,  gode måltid, topptur på Halsnøy, ispause på kaien, strikking, hagearbeid og godt slaraffenliv. Alle måltid tok me ute! Reine sommarfølelsen! Og ennå har me heile sommaren til gode, det kjennes godt!

Frukost på trammen.

Tunge tak - på veg til bossplassen.
Me treng nok ei ny overmadrass.

Plommetreet stod i full blomst,
og humlene jobba intens.
Me satsar på ein plommerik haust.

Skogen var full av kvitveis!
Nydelig.

Pizzafest på terrassen

På toppen av Halsnøy

Ein pust i bakken!

onsdag 15. mai 2013

Arbeidshelg!

Då var eg på nett igjen. Ny straumkabel er innkjøpt,
så nå er alt gode greier.
Rart kor avhengige me er av å vere på nett  heile tida. 

I helga var me på hyttetur igjen - det er alltid godt å komme inn til stillheten og roen på Randøy. Denne gong hadde me tilhengar med eit stort stillas med oss, her skulle det nemleg malast. Sidan me tok over hytta for 6 år sidan, har me syssla med tanken på at panelet skulle fått eit strøk med maling. Nå sette me i gang. Hemsen var unnagjort i påsken, og nå var det resten av stova som skulle få eit nytt lyst strøk. Me brukte beis, noko som gjorde at det var nok med eit strøk! Og trestrukturen viste godt gjennom - akkurat slik me ville ha det. Men me måtte balansere høgt oppe under taket, og var ganske støle og stive etter 3 lange maledagar. Men me syns det vart flott! Lyst og fint. Heldigvis fekk eg tid til nokre strikkepausar innimellom - viktig å kunne koble av med andre ting. Og ein koseleg skogstur med niste og gode måltid!

Dette var utgangspunktet
- mørkt og ubehandla panel
.

Stor kontrast - høgt oppe under taket!

Ute var det mykje regn og surt ver
- yppeleg inne-malever.

Handy - Gubben!
Han er jammen ein god arbeidskar!

Godt med mat!

Balansekunst

Tur i skogen

Godt med gresk salat.

Lyse fine vegger
- og ny lampe funnen på Byttebua på bossplassen!
Me fann to slike skomakarlampar!

Jakken min veks
- nå er eg snart like langt som før opprekkinga.

1.arm er ferdig

Haust-halsen - fint å strikke på i bilen.

Eit nytt prosjekt.
Ein jakke i bomull / lin - i dobbelt garn og pinne nr. 6.
Kan gå fort å få ferdig dette!


Det nye garnet frå Sandnes garn.
Virkar godt og mjukt.

søndag 12. mai 2013

Bloggtørke.

Eg ligg litt på etterskudd, pc-en min har streika og eg kjem ikkje på nettet som vanleg. Ganske irriterandes. Ny straukabel er bestilt, så plutselig er eg tilbake for fullt. Ei fin hyttehelg er isllefall over, bilder kjem snart! Så hold ut - snart kjem eit nytt innlegg.