Eit av prosjekta eg har starta på nå er ein Islender eller Fiskegenser. Eg må jo vere høveleg kledd til seilturen med Malena i sommar. Eg har nemnt før kor lett det er med desse posane på Sandnes garn som dei sel billig. Det lyse garnet er frå ein slik pose. Lyst garn er jo alltid kjekt å ha eit lite lager av...... men ein treng kanskje ikkje 3 slike posar! Godt å bli kvitt noko. Det blåe garnet er nyinnkjøpt. I fjor:-)
Eg er i gang. Med Peer Gynt -garn. |
Det ville ikkje la seg krølle ut..... |
Vottane er laga etter boka "Eventyrvottar" frå Vottelauget. Den kan anbefalast. Wenche Roald har laga mønsteret. Eg har latt meg inspirerer av Monstermønster. Ho har strikka mange par i nydelege fargar.
Neders på mansjettet fekk eg lære meg noko nytt: nemleg latvisk flette. Utruleg kjekt å få til nye tekknikkar. Det stod veldig godt beskrevet i boka.
Blåbærvottar. Inspirert av "Putte i Blåbærskogen" av Elsa Beskow. |
Ny, arva korg. Passa perfekt til vottestrikketøy. |
Eg har i tillegg fått orden i strikkepinnane mine. Eg har hatt ein liten "kommode" frå Ikea der det er vanskeleg å halde oversikten. Nå har eg kjøpt meg ei nydelig strikkemappe, frå ei kjempeflink håndarbeidsdame. (Ho mestrar det meste på utruleg nydelig vis:-) ) Nå har eg fast plass til alle pinnane, og kan lett sjå om eg manglar nokon.
God lomme utanpå til alle strikke-duppe-dipper. |
Eg likar best trepinnar. Og alle best dei fargerike. |
Tilslutt i strikkekorga fann eg dette.
Eg har bare 4 rekker igjen.
Må ta fatt i det og nå.
Treng restegarnet til nye fine vottepar.
Domino-strikk er kjekt. |
Her er det bare å ta av seg hatten, ser jeg! Mye på gang, og alt er fint! Likte spesielt godt de fine vottene du strikker! Kjekt med nytt futteral til strikkepinnene! En sparer seg mye leiting med å ha orden i sakene.
SvarSlettØnsker deg en fin dag!
Klem