lørdag 2. mars 2013

Zett på maken!

Eg har eit kjempefint arbeidsrom - eller Kammers som eg likar å kalla det. Der har eg samla alt av garn og tøy og trådsneller og nåler og hobbybøker og strikkekorger og strikkepinnar og....... Av og til går eg inn her og koser meg med å ta i nøster, bla i bøker og begynna å planleggja litt på neste prosjekt! Eg er visst heilt hekta på garn og pinnar og slikt. Men ein dag då eg satt og bladde i bøker, så fann eg jammen to like! Zett på maken! Det er ikkje nødvendig å ha to av same sorten.
 Så nå vil eg gjerne gje den eine vekk. 
Boka heiter "Maske for maske" og inneheld mange fine og mønstrete modellar for ungdom og vaksne. Mykje arbeid på ein del av dei, men eg såg eit godt tips her ein dag. Lisbeth på Lissi Design på Jærhagen hadde strikka ei flott pute der ho brukte deler av mønsterborder for ein jumper! Det kan nok desse modellane og brukast til. Og til inspirasjon til eigne kreasjonar! Så legg igjen ein kommentar nedanfor om du er interessert. Dersom det melder seg mange ivrige strikkara - trekk eg lodd! Eg er ekspert på loddtrekning! Det kan nesten brukast til alt - og i mange livssituasjonar. Her er det ingen forpliktelsar - bare ein liten kommentar!

Dobbel glede som kan delast!

Flotte modellar!


Her er fine reinsdyr.

 Mykje funksjonelt rot!
Eller mange ting på gang!
Flotte garnnøster ligg i kø og ventar på å bli til fine ting!

Då klarte eg Z-en. Nå nærmar dette prosjektet seg slutten! Tre bokstavar igjen!

6 kommentarer:

  1. Oj, oj. Denne boka kunne eg gjerne tenkt meg, ja! Det ser ut til å vere mange flotte mønstre, og som du skriv så kan det jo brukast til mykje forskjellig! Kammerset ditt ser veldig koseleg og inspirerande ut;) Eg følte meg heime då du beskreiv det.

    SvarSlett
  2. Hei Tone.
    Er det loddtrekking så er eg på plass..., jammen har me hatt mange "basarar" . Koseleg hobbyrom du har. God helg vidare!

    SvarSlett
  3. haha, er ikkje vant med å skriva kommentarar...så gløymde jo namnet mitt.
    Grethe

    SvarSlett
  4. Ser ut som en fin bok. Og jammen har du det koselig på kammerset. D

    SvarSlett
  5. Denne hadde det nok vært kjekt å hatt:)) Og fin blogg du har forresten :D

    SvarSlett
  6. Det var ei bok med mange fine mønster i, eg stiller meg i køen og blir med i konkurransen om boka :) Flink og oppfinnsam du har vore med alfabetprosjektet ditt Tone, lurer på om du finn på noko "ærverdig" i neste veke :) Ha ein fin sundag, og takk for gild kveld i går :) Liv Oddny

    SvarSlett