Det har vore strikkefestival i Stavanger igjen. I år var eg med for tredje gong. Det er veldig kjekt å ha ei helg med masse inspirasjon, treffe andre flotte strikkarar, lære nye teknikkar og kanskje handle litt nydelig garn. I år var me dobbelt så aktive som i fjor, me hadde meldt oss på 4 kurs + strikkefest på lørdagskvelden. Eg hadde pakka med meg eit stort nett, med garn og pinnar, papirer og permar, og eit eige strikketøy til pausane innimellom. I år som i fjor var det Farmora til Tordis som var god medstrikkar på kurs. Me er like hekta på maskane begge to. Og så likar me så godt å snakka om Tordis, det felles barnebarnet vårt. Me blir aldri lei, og me er like begeistra begge to! Herlig:-)
I år hadde me meldt oss på Stasjonstrikk, med 5 ulike teknikkar, sokkehæler, Bringebær og svalestup - to
teknikkar frå Picklesdamene i Oslo, og til slutt dobbelstrikk.
Lørdagskvelden var med på Strikkefest på eit av utesatdene i byen.
Innimellom fekk me og tid til eit besøk på strikkecaféen innom og alle dei
flotte standane i salgsområdet. Jammen greide me å halde oss i
skinnet" og ikkje kjøpe inn store mengder. To nøster sokkegarn og flotte
porselensknappar frå Danmark fekk vere med heim. Fornøyd med det.
Kammerset , eller kanskje det heller kunne heite Ullrommet, har visst
fulle korger ennå.
I tillegg fekk me med oss eit cafébesøk i eit tyrkisk tea og kaffihus i "Fargegata" i Stavanger. Det var ein opplevelse. Her fann me gode stolar, godt lys, nydelig tea og ein artig cafévert. Her koste me oss med strikketøyet heil til Strikkefesten starta. Herlig og avslappandes.
|
På Stasjonsstrikk fekk me prøve ulike teknikkar. Her er det Daisy strikk nederst. |
|
Boblestrikk - denne hadde eg prøvd før. |
|
Kryssmasker. I tillegg prøvde med patenstrikk med to fargar, men min prøvelapp vart så stygg, kan ikkje vise den fram. Kvalmandes fargar! Må prøve med to andre fargar. | |
|
Det finns jammen mange sortar hælar. Artig å prøve nokre nye. |
|
Her er det strikka med forkorta pinnar. Blei ganske fint. |
|
Denne kaltes tomato heel. Ein slags forkorta omgangar det og. |
|
Bringebærstrikk |
|
Svalestup Artige teknikkar. |
|
Farmora til Tordis |
|
"Oh, so sweet!" Sa caféverten då me trakk opp strikket. Og så strødde han roseblader over oss:-) |
|
Då me kom ut var det nesten magisk stemning i gata. |
|
Me kom og over ein liten pop-up butikk som selde koselige vesker. Denne blei med meg heim. |
|
Prøvelapp på dobbelstrikk. Dette kan bli ein fin gryteklut! Finn feilen. Måtte holde tunga beint i munnen, for å få trådane på rett side. |
Ei flott og spennandes helg er over.
Me gler oss til neste gang.
Satsar på nye spennandes teknikkar då.