mandag 30. september 2013

Hekta på lappar.

Lappar er kjekt. Både strikkte og i tøy. Dei to dominoteppene veks - eller særleg det i jordfargar. Det er det eg har brukt mest tid på i det siste. Men så har eg innimellom tatt fram boksane mine med fine stoffer på Kammerset, og tenkt at eg skulle jo ha laga noko fint av desse og. I helga hadde eg god tid, og sette igang. Tøyabitane har blitt til lappar, og nå har eg begynt å sy dei saman igjen. Mange ulike stoff og fargar, men tilfeldig sett i saman trur eg det skal bli eit fint slumreteppe. Inspirasjon og god veiledning fekk eg frå mi gode venninne Kari - ho produserer støtt og stadig slike tepper. Eg har komt eit stykke på veg - og har heldigvis mange lappar igjen slik at eg kan kose meg fleire dagar på Kammerset.


Mange ulike tøy
- ikkje alle sortane eg har så mange lappar av.

1.remsa er klar!

Turkis, lilla, grønt og beige/lyst er nok hovedfargane.

Det begynner å ta form.
Veldig kjekt haustprosjekt!
.

torsdag 19. september 2013

Fridag.

Eg har ein fridag kvar veke dette året. Det kjennes som ein ganske stor luksus. Eg har jo ein rygg som  har vore litt trøblete dei siste åra, og for 3 år sidan blei eg operert for prolaps. Det har heldigvis vore vellykka, men likevel verker eg innimellom ganske mykje i rygg og føter. Så derfor  har eg fått gå i redusert stilling. Det har vore fantastisk. I fjor og året før hadde eg to morgonar fri, som eg hovedsakelig brukte til trening. Ut på tur - i all slags ver, eller på tredemølla og apperata hos fysioterapeuten. Det har gitt gode resultater. Eg er ganske god for tida. I år prøver eg meg heller  med ein fridag. Så slepp eg å følge med på klokka heile tida, og skunde meg til skulen og skuleungane. Det er utruleg godt. Ut på tur i all slags ver nå og, frå kl. 8 om morgonen. Og så ein heil dag til å gjere koselege ting. Strikka, støvsuge, handla, gå på besøk...... det er mykje ein kan ha lyst å fylle dagen med. Og lage god middag til Gubben når han kjem heim frå jobb!

I dag gjekk turen til Borestranda i full regntøy. Dramatiske skyer, heile regnbuen, regn, det var ein flott tur. Og nesten ikkje vind. Herlig å komme heim etterpå og ta seg ein god og varm dusj.

Dramatisk himmel.
Himmel og hav
 

Dobbel regnbue
Det veks mykje nyper her nede!
Flotte å sjå på.

Innover mot land skein sola!
Fantastisk natur.
Heime i hage veks desse,
i år er det mykje kvite rognebær på treet.

På pinnane i september.

Strikkekorga er full igjen. Nye prosejekt er  påbegynt, og  dominoteppene veks. Kanskje ikkje så lurt å begynne på to slike tepper på ein gong. Då blir eg dratt mellom dei - skal eg ta jordfargar eller friske fargar i dag?  Det er eit flott bilstrikk, eit slikt dominoteppe. Og  når me skulle kjøre Veslejenta til folkehøgskulen var det eit passande strikketøy å ha med på den lange kjøreturen. Men - eg syns egentlig det var litt vemodig når Veslejenta flytta ut, og då hadde eg behov for noko fargerikt for å halde humøret oppe undervegs. Då måtte eg bare sette igang med eit nytt teppe. Det er iallefall fargerikt! Herlige, nydelige fargar til å bli glad av. Og korga var full av flotte restar. Og så kan eg ta fram det andre når humøret allereie er på topp, og eg ikkje blir  påvirka. Det gjer  heller ein ro og fred å strikke i gode milde fargar. Det skal bu på hytta - der passar det med flotte jord- og stein-fargar.

Ellers har eg foretatt eit bytte. Eg var så heldig at eg fekk eit gavekort på garnbutikken til 50-års dagen min. Eg kjøpte turkis alpakka, og sette igang med ein ny flettejakke. Men så var eg ikkje heilt fornøyd. Litt vel skarp farge - så eg tok med meg heile garnposen og fekk bytta det i lys lilla. Nå er eg i gang igjen, og er veldig fornøyd! Dette blir bra. Og ein tur innom Sandnes garn sitt fabrikkutsalg resulterte i 1 kg med lys grå Peer Gynt. Passte akkurat til den strikka kåpa eg hadde bestemt meg for å strikke. Kjekt å finne flott garn på tilbud. Men så var det alle dei fine småposane med nydeleg garn som eg har liggandes på Kammerset, kor tid skal eg begynna på dei, tru? Hadde tenkt at hausten skulle bli ei produktiv tid! Me får sjå etterkvart. Plutselig er eg i gang.
Lys lilla, eller syrin - passte godt til fletter syns eg.
 
Eg har begynt på den eine armen.
Kan bli eit langtidsprosjekt.

To tepper i sammen stol!
Eg var innom garnutsalget i dag og,
og der har dei salg denne helga!
Mange vaksne/gamle damer hadde korgene fulle av garnposar!
Eg fann bare desse.

Snart tid for hausting -
blir nok gode eplekaer av desse epla!

Me fekk denne flotte planten til bursdagane i slutten av mai.
Den blomstrar like fint ennå!
Ein utruleg flott plante!

tirsdag 10. september 2013

Tur og strikk.

To kjekke ting som livar opp i kvardagen - ei god strikkestund, og ein tur ut i naturen, kanskje til fjells. Begge deler har det blitt tid til den siste veka. Sommaren har eg brukt til å skifta ut ein del av det som var på pinnane, dvs. gjere ferdig ting og begynna på noko nytt. Eg likar godt bege deler.  Siste avslutte prosjekt er den lilla lune genseren frå Picles. Eg gler meg til å ta den i bruk. Akkurat nå er det for varmt ute - men jammen er det herlig med varme fønvindar utover haustdagane. Den lilla genseren blir nok fin til adventstida! Imens kan me kosa oss med andre strikkeprosjekt- slik som dominoteppe x 2,  og eit nytt grått prosjekt som kan ende opp som ei strikkekåpe. Hausten er ei fin tid, det er bare å sette igang.

Men det er og godt å komma seg til fjells, og denne sundagen drog me avgårde, til Frafjord og Månafossen. Her har me vore mange gonger før, og har til og med sove fleire netter under åpen himmel her i lag med ulike speidar-ungar. Men det er lenge sidan. Nå var det godt å traske på gamle stiar og sjå spor etter mange som har gått føre oss. Ein flott tur, i flott sundagsver, middag på Byrkjedalstunet - og strikkekos i bilen. Heldigvis likar Gubben best å kjøre bil - han likar ikkje å strikke! Så kan eg kose meg med Dominoen.

Ferdig!

Ein flott og spesiell arm - men den setter ein ekstra spiss på designet!

Blanding av riller og glattstrikk.

Ein artig fyr!

Flott utsikt til fossen.

Nydeleg syn.

På Mån

Mannen og fossen.

torsdag 29. august 2013

Ei ny tid!

Etter nesten ein måned utan blogginnlegg er det jammen på tide å finne fram pc-en og komme igang. Utruleg så fort slike seinsommarveker kan gå, utan at ein får gjort det ein vanlegvis gjer.

Me er komne til eit "vegkryss" denne hausten. Det er nesten som ei ny tid. Nå er det bare oss to halvgamle som har fast adresse her i huset: minstejenta har og flytta ut. Det blei litt tomt og stille i heimen..... Sist helg hadde me ein fantastisk flott kjøretur nordover Vestlandet  til Nordfjord Folkehøgskule. Eit nydeleg ver, i nydeleg natur - gjorde turen til ein flott opplevelse. Fullpakka bil, med turutstyr, dyne, støvlar, strikketøy, kassar og boksar - det er mykje som skal vere med når ein skal vere vekke i nesten eit år. Skulen låg flott til, omkransa av fjell og fjord, og året skal brukast til å vere mykje på tur. Heimturen gjekk litt lenger inne i landet, over fjell og fjordar, og like ned til hytta vår på Randøy. Her fekk me plukka med oss 34 kg med plommer før me reiste igjen. Og så fann me ei heil korg med kantareller på den  hemmelege plassen vår!

Ein slik kjøretur kan brukast til så mangt, men ein pose garn er alltid god å ha i slike tilfeller. Eg starta på endå eit teppe, klarte ikkje la vere. Restegarnet frå forrige regnbueteppe låg klart til å bli tatt i bruk. Innimellom er det veldig godt å omgje seg med gode, sterke fargar - det gjer godt humør og inspirasjon.  Ellers går det framover med "Lun genser" frå Pickles, nå er det bare armane som gjenstår. Blir nok ferdig til kulden kjem. 

Her pakkast det!


Mora fekk plass i baksetet ein del av turen!
Det var fint.
Heimover fekk eg sitte framme!

Skulen låg fint til, med utsikt til fjell og fjord.
Litt annerledes enn heime.

Heivegen tok me over fjella,
og var innom stavkjerka i Vik i Sogn.
Flott byggverk.

Nytt byggverk, den nye store Hardangerfjordbrua!
Rask og flott måte å krysse fjorden på.

Smal og svingete veg langs Sørfjorden
- sjølvsagt bak nokre bobilar!

Bilstrikking - i flotte fargar!
Ganske herlig å ta fatt på restegarn!

Plommehausten på hytta var stor i år - ny rekord!
34 kg blåe plommer.

Blir enorme mengdar syltetøy av dette.
Har heldigvis klart å gje vekk nokre posar!

Godt eg har ein sterk mann!
Det var tungt å bære!
Og så ei flott korg med kantarell!


Det blei kveld før me var heime.

Litt strikk:
Min "lune genser"


Regnbuestripene går på skrå denne gongen.
Håpar dei viser litt betre etterkvart,
slik at det ikkje bare ser rotete ut.

To tepper i produksjon:
Sånn går det med "Nuten"

mandag 5. august 2013

Feriestrikk.

Eg har avslutta ein del strikketøy i ferien - og det er kjekt. Festa trådar, sy saman, prøve på - herlig. Og kunne gje vekk til ein glad mottakar! Og så finna fram nye nøster som ligg og ventar på tur - for å bli til noko spennandes.
Ferdig!
Blir god og varm til vinteren.
Strikka i Hverdagsalpakka,
ein blanding av ull og alpakka.



Nye sokkar til minstejenta.
Skal snart innta fjellskoa!

Gryteklutar som vart
bursdagspresang til eldstesystera mi!
 
Nytt garn - og ledige pinnar.
Skal bli ein ny flettejakke.
Garnet kjøpte eg for gåvekort til burdagen!


Nytt strikketøy:
Lun genser i Alpakka frå Picles.
Strikka frå halsen og ned.

Hytteferie 2013.

Ein ferie er på hell - me er inne i den siste ferieveka mi. Gubben er allerede i gang med jobbing, mens eg prøver å nyte dei siste feriedagane for denne gong. Det har vore ein flott ferie, med mykje kjekt innhald. Dei to siste vekene har me vore på hytta og nytt gode late dagar. Første veka var veldig god og varm  - med eit utruleg sommarver kvar dag. Nydeleg å vakne til ein ny dag og tusle ut i sola barføtt og ete frukost ute - med ein ekstra kaffikopp og eit strikketøy. Og bade omtrent kvar dag - og symje ut til  flåten for å soltørke seg der. Og finne fram årene og gli stille ut på sjøen med den gamle trebåten - og ro dagens rotur. Og kunne ete alle måltid ute, og kunne bruke tid på gjere ferdig ein del av strikkeprosjekta i fred og ro. Herlig ferietid! Besøk i kustgalleri, fjelltur til Gullingen, krabbefangst, makrellfiske,sykkeltur på ei ny Ryfylkeøy, lesestoff..... mange gode ting.  Litt besøk har me og hatt - og det er ekstra koseleg. Men ellers kosar eg og Gubben oss godt i lag. Ein god ferie for kropp og sinn.

"Malena" låg fint på svai.

Gamle kunster frå i fjor var ikkje gløymte!
Kjekt å vere kaptein!

Ungdommane våre!
Kjekke å vere i lag med.

Herlig badeliv.


Rotur ein stille morgon
- det var ganske magisk.

"Malena" i lag med store båtar!

Minstejenta var modig og hoppa i sjøen frå ein fjellskrent -
saman med ein belgisk turist!


Me blei i grunnen gode på synkroniseringa etterkvart!

Gøy på landet:
Ikkje lett å kjøre når vegen var full av kveg!


Rensing  av aure.

Dei unge fann masse markjordbær.

Topptur på ein litt disig dag.

Nye ungdommar på besøk.
På Randåsen - for første gong på lenge
.

Hageroser

Vaffelkos i hagen

Godt med pinnebrød.

Eit ferskvannsbad.

På sykkeltur til Fogn
- med tid for bringebærpausar.

Flott sykkel
- utforbi ei koseleg hytte på Fogn.

Denne flytta inn på hytta,
etter eit besøk på kunstgalleri.

To gode fiske-kompisar!

Storfangst -
damene fekk mest -
nesten fulle bøtter!

Frukost i det fri.