mandag 28. juni 2010

Bryllup i familien!

Me har arrangert det førsta bryllupet i familien! Matilde og Aleksander har gifta seg. Det vart ein fantastisk dag, med flott solskinn, nydelig brud, fantastiske brudebukett + blomster-arrangement, strålandes brudgom, nydelig mat, både middagen og dei uttallige kakene, blide gjester, kjempekoselig svigerfamilie, mange flotte talar, kjekke lysbildeseriar med mimring til barndommen - og god underhaldning! Ein strålandes dag er over - og me sitt igjen med mange gode minner. Nå er brudeparet reist på bryllupsreise. Håpar dei får fine dagar der! Tusen takk til onkel Svein for lån av bilder!

Vielsen var i Gand kjerka.
Her gifta me oss og - for 26 år siden. Nå er det gjort!
Nå e de mann og kåna!
Eit kongelig vink må til! Brudebuketten var gul og nydelig! Stolte foreldre.
Brudeparet med familiane samla rundt seg!
To gode venner.
Far og dotter. Systrene holdt ein flott tale for storesystera.
Me hadde pynta fint - i små, gamle koppar!
Det blei knallfint, syns me sjølv!
I tillegg hadde me bukettar i norgesglass!
Og kubbelys på skiferplater!

tirsdag 22. juni 2010

Gratulera med dagen!

Gratulera med dagen, kjære Terje!
Tenk, nå er du like gammal som meg!
Eg håpar du får ein kjempeflott dag,
og me gler oss til koselig feiring seinare idag!Terje - i avslappingsposisjon!

onsdag 16. juni 2010

Steingalne folk!

Søndagar er ofte gode til å gå tur på. Sist søndag klarte eg å lokka dei to andre bebuarane som var heime, med på tur til stranda. Dei var forresten ikkje vanskelige å be! Sele-stranda er ein fin plass, her kan me finna både steinar og blomster, noko for både ein nyutdanna geograf, ein steingalen far - og ei mor som liker å plukke blomster! kjekt med ein tur i vind og sol - midt i bryllups-forberedelsane! Flott natur!
Her er dei to turkammeratane mine!Alltid nokre flotte og spennandes steinar å finna!
Matilde fant seg eit "egg"!
Eg var fornøyd med ei ekta rekved-fjøl!
Og flotte lupiner!
Tiriltunger!
Sjø og stein er fasinerandes!

onsdag 2. juni 2010

Strikking i mai!

Eg er framleis sjukemeldt, men nå nærmar det seg slutten! Neste veke begynnar eg så smått igjen! Hurra! Det skal jammen bli godt å få vanlege kvardagar igjen! Men kanskje litt tøft og, det er jo kjempelenge sidan eg var på jobb, nesten 7 veker! Eg som i grunnen reknar meg for å vere ein frisk og spek dame - og så går eg i bakken rett som det er! Dette var tredje operasjonen eg har hatt etter eg fylte 40! (Eg hadde visst ingen før!) Kanskje eg må revurdera mi oppfatning av meg sjølv?! I allefall har eg fått tid til litt strikking innimellom turgåing (stranda er framleis ein flott plass, særleg ei stille morgonstund!), klesvask og bryllupsførebuing! Sjå sjølv! Regnbue-teppet aukar.
Nå skal eg begynna på blått!
Flotte fargar!
Eg har begynt på ei ny fana-kofte!
Litt meir bolero-type, og med flotte broderi på!

Og så har eg lært meg noko nytt:
Eg strikkar MØBIUS.
Eg har lært det av ei ukjent dame pluss på nettet!
http://www.youtube.com/ ( Søkeord: moebius )
ligger det fleire videoar
som viser korleis ein strikkar dette.
Men kva er det, og kva skal det brukast til:
Hals/skjerf/hue på kalde dagar!
Litt artig å prøve noko nytt!

onsdag 26. mai 2010

Pinsen på Randøy!

Så var pinsen over for denne gong, men jammen hadde me fine dagar! Denne helga vart det heldigvis hyttetur på oss, me fekk jo ikkje reise sist helg! Då dreiv Terje besøkstjeneste på sjukehuset! Så han tok fri fredagen, og det var ein kjempefin dag, god og varm! Han fylte opp bilen med mykje rart - og så drog me på tur- bare oss to! Nye Rhododendronar, mold, diverse stauder, solbærbusk, motorsag, tursko, masse mat - og strikketøy, var med oss på tur! Etterkvart kom Guro og Sebastian, og me hadde ein koseleg helg ilag, med båttur, tur i skogen - i roleg tempo pga pasienten - grilling på terrassen og kjekt spel om kvelden! Ei god pinsehelg! Det blomstra fint i beda
våre då me kom inn!
Her låg "paven"!
Nydelig med litt sol
på bleike føter!

Og her svetta "slaven"!
Terje slappar ekstra godt av
når han får spa litt i molda!
Guro og Sebastian!
Ut på tur!
Kjekt med nye båten fra i fjor!
Nå treng eg ikkje å holda meg fast lenger
- kjekt med litt meir fart!
Kapteinen!
Flotte briller!
Me hadde fått oss ein leigebuar!
Det låg eit nytt egg i reiret kvar dag!
Nytt prosjekt:
Dette skal bli ein flott benk!
Kjekt å leike seg litt!

torsdag 20. mai 2010

Oppmuntringar!

Eg har fått ei bunke med kort - oppmuntringar av beste sort! Mine "søte små" på skulen har laga kort til meg, og det er kjempekoselig å få slike gode oppmuntringar! Og jammen savnar eg dei og - og det skal bli godt å få begynna på jobb igjen, om nokre veker!



Fantastiske kort!
Flotte ungar!
Verdens beste jobb!

onsdag 19. mai 2010

Ny utsikt - frå sjukehussenga!

Nok ein gong vart utsikten min - og innholdet i dagane skifta ut! Livet er mangfoldig! Etter nokre dagar med stadig meir verking i isjas-foten min, låste det seg heilt, og det gjekk nesten ikkje an å pusta! Då var det ikkje anna råd enn å ringa etter eit transportbyrå av beste sort! Dei kom - flotte karar med god morfinrus - og losa meg trygt inn på sjukehuset! Prolapset hadde med andre ord forverra seg betrakteleg, og nå vart det bestemt at operasjon måtte til! Her vart eg liggandes frå torsdag ettermiddag til sundag ettermiddag før nokon hadde tid til å skjæra litt i meg! Heldigvis er det gode, dyktige folk som jobbar her! Så etter operasjonen våkna eg opp som eit nytt og betre menneske, verken i føtene er vekke! Fantastisk og hurra!! Etterkvart kunne eg både gå, sitte og kle på meg sjølv! Utruleg korleis slike småting som ein ikkje tenker over til vanleg, blir viktige! Eg er veldig takknemleg for så god og rask betring! Så nå kan resten av våren nytast - nå er det stort sett bare litt vondt i skuren bak! Så etter ein heller laber feiring av nasjonaldagen - er eg heime og stuller og steller! Hurra, hurra, hurra! (Eg fekk ikkje sagt det på 17.mai!!) Kjekke karar!
Utsikt frå 5G -
eg hadde overoppsynet
med legehelikopteret! Eg klarte heldigvis å snappa strikketøyet med meg!
Det går fint an å strikka liggandes og litt forkrøpla!
Eg fekk flotte blomster
både på sjukehuset og heime!
Roser frå jentene mine!


Så langt har reste-lapp-teppet blitt!
Eg klarte visst og å inspirera
to av pleiarane der inne
til å sette i gang med lappeteppe-produksjon!
Det var jo ganske kult!