søndag 20. mai 2012

17.mai - og hyttehelg.

I år var 17.mai ein av dei suraste dagane på lenge! Pøsregn, 6 grader og  mykje vind. Ikkje kjekt å vere ute å lufte finstasen - med andre ord. Så i år laga med 17.lunsj - for dei i slekta som ville ha! Heldigvis var det nokon. Eit koseleg måltid - då gjorde det ikkje noko om regnet ausa ner - før me pakka sakene våre og drog til hytta! Herleg! På Randøy skin "alltid" sola - iallefall vart det flott ver så og seie heile resten av helga! Gode dagar - med tur, strikk, sykkeltur (på dei gamle"jernhestane" våre),  shopingtur til Hjelmeland, hagearbeid for gubben - og spraymaling av gamle korgstolar som egentleg var klare for St.Hans-bålet. Nå varar dei ei stund til! 

Kjekt å finne blomster i hagen!

Fine 17.mai-smil.

Besøk av "Gubbe-broren" - med svigerfars russe-slips!
Ganske flott!

God gjeng - som kosar seg med blant anna aspikk.
Ein undervurdert rett!
På hytta blomstra denne! Ganske fantastisk!

Strikk og kaffi = god frukost.
Og så Ni-timen.
Den likar Gubben å høyre!

Me gjekk tur langs berga i sjøkanten.
Masse flotte strandnellikar!
 
Nydelig farge - og eit nytt bord.
Gubben har laga det av ei båttilje!

Godt i solveggen - med det solglade teppet!

Kjekt å gå på tur i lag!

tirsdag 15. mai 2012

Garn til frukost!

Morgonstrikket er avslutta. Trådane festa, og armane sydd i. Kvar morgon startar eg dagen med ei roleg stund på kjøkkenet - ofte har dei andre gått avgårde før meg, og då er det jo kjedeleg å bare sitte der og tygge maten sin. Eg er litt dårleg til å bare sitte i ro å gjere ingenting, også når eg et. Så eit strikketøyet er ein fast del av ein god frukost! Nå er aran-genseren ferdig. Mønsteret har eg "kopiert" frå" Guro-midt-i-mellom" sin kjøpegenser. Syns flettene var fine og artige! Kjekk å strikke, skal bli god å ha ein sein kveldsstund i sommar på terrassen!





søndag 13. mai 2012

Sykling - i vind og blåst!

Det nærmar seg slutten av mai - og årets store styrkeprøve. Me skal sykle frå Hirtshals til Skagen, til Fredrikshavn og tilbake til Hirtshals igjen. Sjølvsagt har me bestilt nydeleg ver heile tida, saman med overnattinga. Men me veit vel inners inne at Danmark er omtrent like flat og vindfull som Jæren. I dag har eg sykla til mora mi på Sandnes. Bortturen var fin - i medvind og opphaldsver. Heimturen var verre; skikkelig motvind og pøsregn av den stikkandes sorten. Eg måtte stå og sykle over Voll-sletta. Men det gjer sikkert godt - og er sikkert god forberedelse om veret blir litt mindre nydelig. Vel heime var eg blaut og våt i skorne, men ellers god og varm. Jammen godt med ein god dusj då!

Vel heime!

Briller er ein utfordring i regn...

Ikkje akkurat Gore-tex.
Arva av "Guro midt-i-mellom"
- og nesten utslitt.

Blått er flott!

Her ein dag selde eg nokre oppvaskklutar! Kjekt når andre sett pris på det eg lagar. Det blir som ein ekstrabonus. Og sjølv om eg har mykje garn som ligg i kø og ventar på å bli til fine lekre og nyttige ting, er det vanskeleg å ikkje skaffe seg endå meir nydeleg garn. Denne gong blei det garnbutikken på Bryne som fekk eit besøk - her er utruleg mykje nydeleg garn. Og ein prat med "Anny strikkedame" er heller ikkje å forakte! Denne gong kjøpte eg Rowan felted tweed - til ein artig jumper til meg med hus og folk på! Om eg treng fleire nye jumprar? Sikker ikkje, men eg finn jo stadig nye spennandes oppskrifter som bare prøvast ut! Og uvanen min er at eg bare begynna på nye nøster, slik at andre prosjekter tar litt lenger tid. Jaja - det gjer egentlig ikkje så mykje. Sykkelen er i rute - eg har fleire remser klar til påsying, det gule gladteppe har eg komt halvvegs på, og aran-genseren nærmar seg slutten!  Ting tar tid - men ting kan plutseleg ha ein ende og!

Nytt flott garn.

Sånn skal jumperen bli!

tirsdag 8. mai 2012

Flott helg.

Me har vore på tur i helga, til ferieplassen til våre gode venner.
God mat, god prat, strikketøy,  lange turar og  rådyr i hagen!
Ei flott helg! Me kjem gjerne igjen!
Ut på tur, aldri sur...

Lupinane kjem

Flotte dyr,
sjølv om dei gjer litt skade på blomster og trer.

Deilig i vårsola

God nistemat!
Mi gode venninne frå eg var 1 år!
Ganske kult!

Sol, sol kom igjen!

Ein tur innom Fretex på jakt etter nytt sykkelsetet, resulterte i ein flott fluktstol! Har alltid likt dei - det har nok noko med gode barndomsminner å gjere. Mi mormor hadde gode fluktstolar. Nå ventar me iherdig på varmen, sola og etterkvart gode late sommardagar. Kanskje stolen etterkvart får nytt trekk? Me får sjå etterkvart.
 
Klar for bruk!

Kan nok bli fin med eit nytt kreativt trekk.

tirsdag 1. mai 2012

Våronn i hagen.

1.mai blei ein fantastisk dag. Ein herleg fridag med tid til litt forskjellig. Gubben har ofte "havesyken" på denne tida av året, og i dag har han planta masse løk i kjøkkenhagen. Nå gler me oss til eigendyrka løk seinare i sommar. Eg gjekk laus på løvetannen i plenen, eg likar nemleg ikkje alle dei fine, gule når dei veks der. Det blei fleire bøtter. I tillegg gjekk eg laus på "spøderommet" - dei gule veggene måtte vike for kvit og lys farge! Eg gler meg enormt til å "flytte inn". Strøk nummer to vert ein annan dag!
Gult kan vere kult!

Mykje løvetann!
Ein god jobb er unnagjort!

Godt utstyr!

Gubben i kjøkkenhagen!

Purren skal ut!






Nytt skilt - greit å vite kor ein har planta ting.