onsdag 30. desember 2015

Ein avtale.

Eg har visst mykje garn..... ennå. 
Eg har jo gjort nokre forsøk på minke garnlageret mitt i løpet av dei siste åra,
men det viser litt lite igjen.
 Det siste halvåret har eg nok handla inn litt og.
Endå eg har strikka mykje dette året. 

Men det er mykje ein kan la seg inspirere av. Eit tantebarn hadde hatt opptelling i sitt garnlager, 
og hadde heile 33 kg nydelig garn liggandes! 
Haha, tenkte eg, så mykje har iallefall ikkje eg! 
Så då gjekk eg i gang å veide opp mitt..... det blei 31 kg.... 
Og jammen har nokre nøster sneket seg inn på Kammerset etter den tid og.  
Så etter nokre kommentarar på Instagram hos tantebarnet,
har me laga oss ein ny avtale.  
Ingen garnkjøp i 2016! 

 Unntak: dersom me manglar eit nøste eller to for å få ferdig eit strikk, må me kjøpe inn det. 
Men det nyttar ikkje å ha kun eit nøste eller to og kjøpe inn 8-9 nye. 

Så nå er motivasjonen på topp, endeleg skal eg ta meg tid til dei fine nøstene som ligg til modning og ventar på å bli til fine  ting.
Dette fekk eg av Eldstejenta til jul.
Garnet er spunnet litt spesielt,
Z-måte istaden for s-måte.
Då passar det ekstra godt til Tvebandstrikking
som eg var på kurs og lærte.

Også julegåve frå Eldstejeta.
Kjekt når jentene deler mora sin interesse for garn....

Dette er og ein gåve frå tidligare.
Skal bli noko fint denne og.

Dette trur eg skal bli eit sjal.
Blir nok eit sytråd-prosjekt.
 
Dette har ligge lenge på Kammerset.
Må bli strikka i 2016.
Kontstrikk er jo og ein spennandes teknikk.

Sokkegarn alà Arne og Carlos.
Blir nok gode, fine sokkar.


Dette er jo bare ein brøkdel av garnet. 
Eg hadde planan om tomme korger i 2015. 
Men eit par naboar sørga for påfyll til bomullskorgene i allefall. 

4 kommentarer:

  1. Så mye lekkert garn du viser! Her er det bare å fråtse i herligheter.Jeg har strikka opp mye lagergarn dette året, men noe er nok kommet til også, selv om jeg har kjøpt bare det garnet jeg vet jeg har bruk for. Noe må en bare ha i hus.

    Takk for følget i 2015 og godt nytt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for trufast følgesvenn. Eg sett pris på koselege kommentarar frå deg. Velkommen som lesar i 2016 og.

      Slett
  2. Kjenner meg godt igjen her! Sjølv om eg har strikka opp over10 kg garn i år, trur eg garnlageret har auka... ikkje så lett å reisa til Oltedal uten å kjøpa garn når dei har posesalg!! Godt nytt strikkeår!

    SvarSlett
  3. Kjenner meg godt igjen her! Sjølv om eg har strikka opp over10 kg garn i år, trur eg garnlageret har auka... ikkje så lett å reisa til Oltedal uten å kjøpa garn når dei har posesalg!! Godt nytt strikkeår!

    SvarSlett