søndag 5. januar 2014

På pinnane i januar.

Pinnane her i huset blir sjelden kalde. Det er alltid kjekt å begynna på nye ting. Og så er det jo viktig å ha eit strikk som passar til ulike situasjonar. Noko passar definitivt best for ein kveld heime aleine i sofaen. Nokre passar best i bilen, eller samman med andre i sosiale lag. Noko kan vere litt kjedeleg å strikke, og då er det lurt å bare ha det tilgjegeleg, så blir eg nødt til å strikke på det. Strikkekorga er ikkje tom, det ligg ennå nokre prosjekter igjen der. Men dei blir nok ferdige dei og. Ein dag. Akkurat nå er det desse tinga som er på pinnane.

Eg strikkar ny rygg til den gråe flettejakken.
Den første blei altfor vid.

Nytt prosjekt av eit lingarn som har
låge  på Kammerset i fleire år.
Eg kjøpte litt nytt ullgarn - i romjula.
Og nå blir det ein fin genser av Anette Danielsen

Gryteklutar.
Danskejakken.
Det går framover.


Lua for "Prinsessen på erten".
Dette strikket passa best for
aleinetid.
Å strikke biser var litt vanskelig, særleg den første.

3 kommentarer:

  1. Eg er heilt imponert!!!! Alt du får gjort:) Du er goé, men eg er under sterk tvil om at du har nok garn ut 2014. Ellers har du hamstra godt i romjula:)) klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Nok garn - eg tur eg har godt igjen til 2015 og. Blir spennandes å sjå!

      Slett
  2. Her var det mange spennende prosjekter på gang! Jeg ble litt nysgjerrig på den lua, den skal det bli spennende å se ferdig:)

    SvarSlett