tirsdag 16. juli 2013

Ferie = tid til å gjere ferdig!

Det er herleg med ferie. Eg er utruleg heldig som har mange veker fri om sommaren. Då kan eg både ha meg ein tur ut i verden, reise på hytta, og reise på litt andre turar om det er det som me har lyst til - OG ha nokre veker heime. Herlig. Det er jammen ikkje alltid veret viser seg frå si beste sommarside her heime, men det gjer ikkje alltid så mykje. Eg koser meg uansett og nyt dagane. Dei går helste for fort. Og det er ei fin tid å få gjort ferdig diverse prosjekter som er nesten ferdige. Nå i sommar har eg til nå avslutt to prosjekter. Herlig! Eg er veldig glad i strikkeprosessen undervegs, men jammen er det godt å komme til slutten, feste trådar, rydde strikkepinnar  og restegarn på plass og ta produktet i bruk. Dei to ferdige strikka er eit stort teppe som eg starta på i september i fjor. Målet var å bli ferdig før minstejenta drar på folkehøgskule, og det har eg greid! Neste prosjekt var jakke til meg sjøl, lik Gubbejakken. Den starta eg på i mars. Nå er den og ferdig og klar for bruk. Grunnen til at ting tar litt tid er vel for mange prosjekt på gang på ein gong... Men så likar eg å ha det slik og. Eit strikk for kvar anledning:-)

Klar til bruk!


Nederst strikka eg ein blonde.
Fin  avslutning på teppet.

Ferdig!
Ventar på kalde dagar.


På pinnane akkurat nå:
Eg er snart ferdig med flettejakken min.
1/3 arm og 1/4 rygg igjen, sånn cirka.
Strikkehaug.

4 kommentarer:

  1. Knall fine bilder du har tatt. Sjølvsagt er både teppe og jakka fine og:). Forsatt goé sommer. klem

    SvarSlett
  2. For et nydelig teppe! Et arvestykke spør du meg. Er nesten frista til å spørre etter mønster og garnsort.
    Lekre jakker, både den ferdige og den som er underveis! Du snakker om å være godt forberedt til kaldere dager. Godt jobba!

    Fortsatt god sommer!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Eit aldeles nydeleg teppe du har strikka, flott mønster!
    Jakkane var og flotte, mykje arbeid med flettemønster.

    SvarSlett
  4. Hei Tone
    Jeg er også litt strikkegal, men ligger langt etter deg! Når jeg så det flotte teppet du hadde laget fikk jeg veldig lyst til å forsøke meg på et makent! Er det mulig å spørre hvilken garntype du har brukt og omhvor man evt. kan få fatt i mønsteret? Håper på svar, slik at jeg kan kose meg med dette arbeidet utover høstens mørke kvelder! :) På forhånd takk for svar! Vennlig hilsen fra Marit Næss Jørgensen (mail: marit@hageplanlegging.no)

    SvarSlett