Innimellom går ikkje alt på skinner. Kvardagen kan møta oss med ulike
utfordringar. Slik er det på strikkefronten og. Av og til går det
superlett mot målet, innimellom ser me at dette blei ikkje heilt som
forventa. Eg held på med eit slikt prosjekt nå. Eg har tenkt og målt og
målt og tenkt, men likevel strikka vidare. Men nå var det slutt. Eg såg
at jakken min blei litt smalare enn det eg hadde lyst den skulle bli. Eg
likar ikkje å gjere ferdige ting eg ikkje er fornøyd med. Då er kort
prosess det beste :
opprekking. Fort gjort å komme tilbake til
utgangspunktet. Nå har eg starta på ny, litt tregt å komma igang, eg
innrømmer det. Men eg er igang. Blir nok ferdig eingong likevel:-)
|
Nesten oppe med armhola..... |
|
Det går fort å rekke opp og lage nye fine nøster! |
|
På an igjen! |
Så enig, så enig! Det er bare å rekke opp og begynne på nytt. Skal bli spennende å se den ferdig.
SvarSlettSå må jeg få kommentere det fine bildet øverst til venstre. Det er fristende for ei fjellgeit som meg. Snart er det klart for fotturer etter en lang og fin skisesong.
Riktig god helg!
Klem fra Ingunn