torsdag 24. mai 2012

Sykkeltur!


Me er snart klare for tur. Tormod Reiseleiar og Siri Syklist og me to eldste her i huset skal ut i den "store" verden! Kjekt å ha gode turvenner. Turen startar herifrå - midt på natta - og endar opp her - midt på natta. Ska tru om me klarer slik rangling - og så å gå på jobb bare nokre timar etter heimkomst. Satsar på fredelege skuleungar den dagen. Vervarslingane er av aller beste sort - slik som me ha hatt det i ei veke nå, kanskje litt kaldare, men knall sol. Me gler oss.Og me har nye sykkelvesker, med god plass til å kjøpe med oss noko heim (garn feks). Utfyllandes dokumentasjon kjem etterkvart! Etter at me har sykla dei 12,5 mila!  Imens eit lånebilde frå "gugel" - frå der hava møtest!



Ønsker alle ein god pinse!
Nyt sommardagane!

4 kommentarer:

  1. Ha ein flott tur i flott natur og godt lag:)
    Gled meg til reisebrev på bloggen.
    Rut:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Me ynskjer dykk alle 4 rektig god tur og god pinse:)Snakkast over helga:) Liv Oddny

      Slett