søndag 9. oktober 2011

Juleprosjekt.

Eg har tatt pinnane og islandsgarnet fatt, og latt meg inspirere til å gjere noko fornuftig. Medlemsbladet i Hobbykluben kom i posten ein dag, med ein artikkel om Kirkens Bymisjon og det arbeidet dei driv blant mennesker som strever med livet sitt. Oppfordringen var at me som strikkar kan vere med å bidra. Ved å strikka ting som vottar, lue og skjerf og senda inn, kan nokon få ein betre og varmare tilværelse. Eg har latt meg engasjera. Nå er det første paret med vottar ferdig. Raske og enkle å strikke, varme og gode å ha på. Så herved gjer eg oppfordringen vidare: Strikk - og gjer ein forskjell. Kjekt om du og lar deg inspirera til litt "dugnadsarbeid"
Grønt er skjønt!

Eg har visst nok til fleire par. Me får sjå etter kvart kor mange det blir.

1 kommentar:

  1. Eg er imponert Tone! Du er kjempe go'e. Ha ein god haustferie.

    SvarSlett